– Det var nattoget frå Oslo som kom forseinka til Voss klokka 08:08 politiet kontrollerte, seier Preben Wallestad som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.
I tillegg blei eit regiontog til Bergen kontrollert. Dette var rutine som skal ha skjedd på fleire togstasjonar i landet.
Etter at politiet si tryggingsteneste (PST) i går varsla om at nokon skal ha konkrete terrorplanar mot Noreg, har politiet heva beredskapen i heile landet.
- Les også:
Då politiet på Voss kontrollerte toga på stasjonen gjekk dei inn i salongtoget på nattoget, og jobba seg bakover. Dei skal ikkje ha kontrollert sovekupeane på toget.
– Me har vore om bord i mange tog det siste døgnet. Etter den konkrete trusselvurderinga som me har fått frå PST, så har me ei rekke slike handlingspunkt som me gjennomfører for vårt distrikt, seier Gustav Landro som er stabssjef i Hordaland politidistrikt.
Politiet fann ingenting av interesse.
Må vente fleire kontrollar
Reisande kan vente seg fleire slike kontrollar på tog. Kontrollane gjeld særskilt toga som kjem frå aust og i retning Bergen.
- Les også:
– Kontrollane gjer me ved hjelp av politipersonell som går gjennom toga. Me er synlege for dei som reiser, og gjer observasjonar, seier Landro.
– Eg kan ikkje kommentere noko om kva som blir funne av interesse på dei operasjonane som me gjer no. Det er slikt me held for oss sjølv til me eventuelt kan gå ut med, seier Landro.
– Ver førebudd på å treffe politi
Politiet har ikkje fått informasjon om at det er endring i trusselbilete, og tiltaka politiet hadde i går kjem til å bli vidareført.
– Dette omfattar tog, jernbanestasjonar, og ein del knutepunkt der det samlast ein del folk. Me kjem til å fortsette slik som me gjorde i går, seier Landro.
I helga vert The Tall Ships Races arrangert i Bergen, og politiet kjem til å vere til stades, både på sjøsida og på land.
– Eg trur folk skal vere førebudd på å treffe politipatruljar på til dømes store buss-stasjonar, store trafikk-knutepunkt, og gjerne på større kjøpesenter, seier Landro.
– Me har ikkje noko meir konkret å forhalde oss til enn det me hadde i går, og me har òg flyplassen som eit konkret oppdrag som me skal handtere. Der vil folk sjå politipatruljar, seier han.