Hopp til innhold

Partia er einige – men underskriftene manglar

Etter vekevis med krangling går det mot ei løysing på Osterøy. Framstegspartiet må berre bestemma seg først.

Jarle Skeidsvoll (KrF) og Alf Terje Mortensen

Om alt går etter planen ser du her den nye ordføraren og den nye varaordføraren på Osterøy. Til venstre Jarle Skeidsvoll i KrF og til høgre Alf Terje Mortensen i Frp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vallogo

Fredag kveld vart partia KrF, Høgre, Sp, MDG og Venstre samde om eit avtaleutkast som alle er klare for å signera. Også Frp var til stades på møtet, men vil venta til dei har gjennomført eit gruppemøte på førstkomande måndag.

Går avtalen gjennom vil partia ha fleirtal med 19 av 27 stemmer i kommunestyret. Jarle Skeidsvoll (KrF) blir ordførar, medan Alf Terje Mortensen (Frp) blir varaordførar.

– Frp hadde moglegheita til å signere avtalen på fredag, men det var ulike syn på nokre enkeltståande ting, seier Skeidsvoll til NRK.

Slepp ikkje jubelen laus

Det var Bygdanytt som først skreiv om at partia var einige. Men Skeidsvoll torer altså ikkje å sleppa jubelen laus før underskriftene står på papiret. Helst vil han nok venta til han har ordførarkjeda rundt halsen.

– Viss ikkje Frp skriv under på måndag på den avtalen som no ligg føre, blir eg veldig overraska, seier Skeidsvoll.

Måndagens gruppemøte i Frp blir heilt avgjerande for om KrF klarar å samla eit fleirtal i kommunestyret.

– Det stemmer at vi har forhandla oss fram til semje om ein del punkt i avtalen, så står att det ein liten diskusjon på slutten om samansetninga av utvala og eit par andre ting. Men vi er samde om dei store linjene, seier Alf Terje Mortensen (Frp) til avisa Bygdanytt.

Kaos

Signerer Frp avtalen blir han varaordførar.

Dermed kan det sjå ut som at snart tre veker med kaos, krangling og snuoperasjonar går mot slutten i Osterøy kommune. Det er berre der og i Bergen at det framleis er usikkert kven som blir ordføraren.

Heile oversikta over ordførarar i Hordaland dei neste fire åra finn du her.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat Osterøy kommunevalget 2015» i nytt vindu