I dag møtte ni ordførarkandidatar i Kvinnherad kommune i Hordaland opp på kontoret til lokalavisa Kvinnheringen. Den neste veka skal lokalpolitikarane leike journalistar og resultatet blir til ei noko uvanleg avis.
Det er i anledning kommunevalet at redaktør Tomas Bruvik let politikarane skrive sakene. Avisa som vil få bylines med dei lokale ordførarkandidatane kjem ut onsdag i neste veke.
– Eg trur den største utfordringa for dei blir å ta bilete og fatta seg i kortheit. Eg er redd dei kjem til å skriva veldig langt.
Skriv om saker dei er engasjerte i
Politikarane vil skrive om det dei sjølve er interessert i, og nokre av sakene vil handla om utflytting, kultur, fiskerihamn og småbarnstreff.
Ei anna utfordring for politikarane blir å la seg styre av Vær Varsom-plakaten framfor partiprogrammet. Det kan fort bli freistande å drive partipropaganda.
– Det er jo freistande, men eg skal prøva å la vera, fleipar Hege Lægreid Røssland som er ordførarkandidat for SV.
Sjå korleis politikarane jobba som journalistar i videoen øvst i saka!
Lokalavis med nye idear
Kvinnheringen har tidlegare gått nye vegar når dei har laga avisene sine. I fjor haust kom det ei utgåve av med berre notisar.
Redaktør Bruvik har trua på ei fyldig avis denne gongen.
– Eg tykte det var eit bra morgonmøte, så eg trur dette blir veldig bra.
– Kvifor gjer de dette?
– Det er kjekt å gjera noko annleis. Det gir lesarane ei moglegheit til å bli kjent med ordførarkandidatane før valet, svarar Bruvik.
Han vil gi politikarane frie tøylar til å skriva sakene men ser at det også kan bli problematisk.
– Det kunne blitt det om dei no driv dette som ei rein propagandaavisa, men det ser ikkje ut til å bli noko problem. Politikarane tek dette på alvor, avsluttar Bruvik.