Hopp til innhold

Lindbæk saksøkjer Röyksopp - igjen

Lindbæk saksøkjer for æreskrenking og krenking av privatlivets fred. – Han har blitt trakassert i fleire år, seier Lindbæk sin advokat.

Röyksopp i Bergen tingrett

ENDÅ EIT SØKSMÅL: Lindbæk saksøkjer Svein Berge og Torbjørn Brundtland for æreskrenking og krenking av privatlivets fred.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Rune Lindbæk og advokat Marius Aarum Øvrebø-Engemoen

LANG KONFLIKT: Rune Lindbæk (t.v.) har lenge vore i konflikt med Röyksopp om låta 'Lift'.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Rune Lindbæk saksøkjer Svein Berge og Torbjørn Brundtland i Röyksopp på nytt. Han meiner mellom anna at han er utsett for æreskreking av elektronikaduoen.

Dagbladet skriv at det i stemninga kjem fram at Lindbæk saksøkjer dei to for ei lang rekke injurierande og krenkande fråsegn.

Krev 130.000 kroner i oppreisning

Advokaten til Röyksopp tok imot stemninga frå Lindbæk i dag.

– Eg blei litt oppgitt, men vi må halde oss til det som står i stemninga, seier Röyksopp sin advokat, Harald Bjelke til NRK.no.

Krenkingane DJ og produsent Lindbæk meiner han er utsett for skal kome frå eit 45 sider langt skriv, som Röyksopp publiserte på nettsida royksoppsvarer.com i november 2011.

Lindbæk vil ha 130.000 kroner i oppreisning. I stemninga viser Lindbæk sin advokat til fleire skuldingar frå skrivet.

Det skal mellom anna stå at Lindbæk har lygd, tatt og trua til seg i ei årrekkje, og at han driv med usamanhengande raljering og sjikane.

– Rein nettsjikane

Rune Lindbæk sin advokat, Magnus Stray Vyrje, seier Röyksopp har blitt bedt om å fjerne skrivet frå nettet, og at dei visste det kunne få rettslege konsekvensar om dei lot vere.

– Det nekta dei å gjere, og no må dei ta konsekvensane av det, seier Vyrje.

Han meiner skrivet grovt krenker Lindbæk som person, og at han har blitt trakassert over fleire år.

– Dei går til angrep på Lindbæk som privatperson og som profesjonell musikar. Det er krenking av Rune Lindbæk si ære og krav på respekt. Det er rein nettsjikane, seier Stray Vyrje til NRK.no.

– Skrivet er eit tilsvar

– Skrivet Röyksopp la ut på nettsida var eit tilsvar til Lindbæk sine medieuttalelsar, seier Röyksopp sin advokat, Harald Bjelke.

Duoen skal bevisst valt å ikkje svare på Lindbæk sine skuldingar mot dei, men etter ei sak i Dagens Næringsliv 14. mars 2011 der Röyksopp meiner dei blir framstilt som "den store stygge ulven", la dei ut det dei kallar sin forsvarstale på nettsida.

– Denne problemstillinga har også vore diskutert i tidlegare rettssaker, seier Röyksopp-advokaten.

Han reknar no med at det vil bli eit nytt møte i rettssalen for Röyksopp og Lindbæk om rundt eit halvt år. Akkurat no er Berge og Brundtland på ferie, og advokaten har førebels ikkje snakka med dei.

Har krangla i årevis

Det har lenge vore konflikt mellom elektronika-duoen og Lindbæk. Opphavleg handla konflikten om låta "Lift". Lindbæk hevda han var med på å lage låta i eit samarbeidsprosjekt han hadde med Torbjørn Brundtland på 90-talet.

Lindbæk meinte og at delar av låta blei brukt i låta "A Higher Place" på Röyksopp sitt debutalbum "Melody A.M" i 2001. Lindbæk saksøkte Berge og Brundtland fordi han ønskte å bli kreditert og betalt for bruken.

Dette søksmålet tapte Lindbæk i mars, men anka i april. Ei ny rettssak vil skje i Gulating lagmannsrett i 2014.