Etter at det i går blei bekrefta at kvinna som blei funnen omkomen på byfjellet Aksla i Ålesund var 21 år gamle Anja Weløy Aarseth frå Bønes i Bergen opnar kyrkja på heimstaden dørene.
– Det hjelper oss å takle dette at kyrkja stiller opp. Dei har meir erfaring med å handtere mennesker i sorg enn vi som eit idrettslag har, seier leiar for Bønes IL, Christian Kanzler.
Dørene vil vere opne for dei som måtte ønskje frå klokka 18.00 til 20.00 tysdag kveld.
Tungt for lagkameratane
Kyrkja har mellom anna kontakta og invitert idrettslaget Anja var medlem i.
Anja spelte fotball i idrettslaget frå ho var born fram til ho flytta. Også etter ho reiste for å studere i Ålesund kom ho tilbake og stilte opp på kampar.
– Det er tungt for hennar lagkameratar spesielt. Vi prøvar å gje dei så mykje oppfølgjing vi klarer, og vil arrangere ei samling både for dei og venene hennar utanfor idrettslaget seinare denne veka, fortel Kanzler.
Speler med sørgjeband
Kvinnene sitt juniorlag skulle spelt kamp denne helga, der også Anja skulle vere med. Både denne kampen og herrelaget sin kamp i går er avlyste. I dei neste kampane vil både kvinne- og herresida spele med sørgjeband.
– Mange av dei som spelte saman med Anja er flytta, men vi prøvar å samle dei og takle dette på best mogeleg måte. Minnestunda ei fin anledning til å få snakke med nokon, seier Kanzler.
Opnar for dei i sorg
Minnestunda vil vere ei enkel samling med musikk og bøn.
– Vi håpar alle som vil kjem hit for å støtte kvarandre og tenne lys. Ho vaks opp her, og det er mange som kjenner henne og er i sorg, seier sokneprest Gunn Kongsvik.
I går det også arrangert ein minnemarsj for Anja i Ålesund.