Hopp til innhold

Mann stukken i halsen på utestad i Bergen

Politiet fekk melding frå vektarar.

Hendinga skal ha skjedd på ein uteplass i Vaskerelven.

– Då patruljen vår kom fram kring kvart på tre var det ganske kaotisk. Folk kom ut, og ein mann blødde kraftig frå kutt i halsen. Dei fekk kontroll på vedkommande og han blei sendt rett til Haukeland sjukehus for operasjon, seier operasjonsleiar i politiet Jan Steimler.

Haukeland opplyser at den 42 år gamle mannen er alvorleg skadd, men utanfor livsfare.

Tre personar tatt inn til avhøyr

Det var vektarar som melde frå om hendinga.

Tre personar blei tatt med av politiet frå utestaden. Det er framleis uklart kva rolle dei har hatt i det som skjedde, fortel Steimler.

– Dei tre har status som vitne. Me er i ferd med å avhøyre dei no. Fornærma er enno ikkje i stand til å forklare seg, seier Steimler like før klokka 13 laurdag.

Politiet har ikkje fått kontakt med andre vitne som har sett sjølve hendinga. Dei som har sett knivstikkinga, kan ta kontakt med politiet.