18-åringane som var sakna mellom Finse og Hallingskeid er no funne i god behald.
– Hjelpemannskapa frå Finse fann dei i ei snøhule rundt 1,5 kilometer frå Hallingskeid. Dei var varme og ved godt mot, fortel operasjonsleiar i politiet, Morten Rebnord.
Dei to skulle gå frå Finse til Hallingskeid i går kveld, men møtte på dårleg vêr og måtte grave seg ned.
Ingen kontakt sidan i går kveld
– Ein av dei ringte til foreldrene sine rundt klokka 22.00 i går kveld, og fortalde at dei hadde blitt nøydde til å grave seg ned. Det var ingen som hadde kontakt med dei etter det, fortel operasjonsleiar i politiet, Morten Rebnord.
Klokka 05.30 blei det avgjort å setje i gong leiteaksjonen.
Skal fullføre turen
Ein patrulje frå Finse Raude Kross sette tidleg i gong og fann dei. Det var også politipatrulje og fem mannskap frå Raude Kross på Voss på veg til Hallingskeid med toget.
– Desse to 18-åringane er fjellvande og var godt kledde. Dei hadde også med seg ein spade. Dei skal no fullføre resten av turen mot Hallingskeid, fortel Rebnord.