Hopp til innhold

Meir og grovare vald mot vektarar

Ei ny kartlegging viser at vektarar blir utsett for meir og til dels grovare vald enn før. – Det ligg alltid i bakhovudet, seier vektar Haakon Skogan Bore, som i går opplevde at ein kollega blei knivstukken.

Vekter

MEIR VALD: I fjor var det 318 episodar med vald eller trugslar mot ein vektar på arbeid i Noreg. Det syner ei kartlegging NHO har gjennomført.

– Eg er alltid medviten på at noko kan skje. Det er rutinar ein har i ryggmarken til ei kvar tid, seier områdeleiar i NOKAS, Haakon Skogan Bore.

Hans jobb er å passe på Universitet i Bergen. Vanlegvis ikkje ein jobb nokon ville tenke på som farleg.

Men få kvartal frå hans daglege arbeidsplass blei ein kollega knivstukken tidleg i går.

Fleire hundre episodar i året

– Slike hendingar gjer at eg blir ekstra obs på ting som kan vere trugande og potensielt farleg i arbeidskvardagen. Det er jo også derfor vi er her, for å handtere situasjonar som kan vere ubehagelege, seier Skogan Bore.

Knivstikkinga i Bergen er ikkje unik.

I fjor var det 318 episodar med vald eller trugslar mot ein vektar på arbeid i Noreg. Det syner ei kartlegging NHO har gjennomført.

– Meir vald enn før

– Det er oftare valdshendingar enn før, og valden mot vektarane er til dels også grovare enn før, fortel fagsjef for tryggleiksbransjen i NHO, Runar Karlsen.

No kjem det nye opplæringskrav for vektarar, og NHO vil ha snerkar vern i lovverket for yrkesgruppa.

– Utøver du vald mot ein vektar i teneste skal du straffast hardare enn du ville blitt elles. På lik line som om vil du få strengare straff om du er valdeleg mot ein konduktør i NSB som er i teneste, meiner Karlsen og NHO.

Støttar NHO-kravet

Skogan Bore har også opplevd farlege situasjonar på jobben, og støttar ønskje om eit betre vern av vektarane.

– Når det kan hende uønskte episodar, er det godt å vite i bakhovudet at ein får god oppfølging frå rettsstellet.