På Toftøy skule i Øygarden kommune har ein måtte ty til brakkeløysingar for barna som skal starte på skulen frå 18. august. Årsaka er at det plutseleg var rekordmange barn som ville gå i barnehagen i Øygarden kommune.
– Det var veldig overraskande. Ut ifrå adresselistene så viser det seg at det er folk som er på veg inn i kommunen, seier skulesjef i kommunen, Øyvind Strandheim.
I stor vekst
Øygarden er den kommunen i Hordaland som er i størst vekst. Her bur det no 3,1% fleire, enn for eit år sidan.
– Kvifor skjer dette etter at øykommunen i mange år ikkje vaks i det heile?
– Det kan ha med kommunikasjonen over Sotrabrua å gjera. Ein del vel kanskje å heller busetja seg på Øygarden om ein har jobb i dette området, enn å dagpendla, seier Strandheim.
LES OGSÅ:
Lågare prisar og god tilgang til bustadar
Mange av tilflyttarane jobbar på det stadig veksande industriområdet på Ågotnes, rett over kommunegrensa til Fjell. Her opplever prosjektdirektør Ronny Heufe på CCB-basen at mange av kollegaene hans prioriterer kort avstand til arbeidsplassen.
– Tilgangen til bustadar er veldig god i Øygarden. Og prisnivået er sjølvsagt lågare, seier Heufe.
Han trur som Strandheim at mange flyttar fordi dei er lei av å bakse i køen på Sotra-brua.
– Dersom ikkje rush trafikken over Sotrabrua blir gjort noko med, så kan det føre til at fleire vel å etablere seg her ute, meiner Heufe.
I Øygarden vil dei gjere mellombels barnehageplassar permanente. Dei er førebudde på å halde fram som vekstkommune.
– Folk er svært velkomne. Me gler oss over veksten, seier Skulesjef Øyvind Strandheim.
LES OGSÅ: