Hopp til innhold

– Ta deg ein kaffi eller gå på biblioteket og lån deg ei lydbok

Det er meldinga frå Vegvesenet til dei som har tenkt seg mellom Sotra og Bergen tysdag ettermiddag.

Trafikken står i stampe på Sotrabrua

SOTRABRUA: Pendlarar som skal frå Sotra til Bergen opplever uvanleg lange køar tysdag ettermiddag.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Trafikkuhell og vegarbeid fører til endelause køar mellom Sotra og Bergen tysdag ettermiddag.

Asfaltkant Drotningsvik kø

SYNDAREN: Asfaltkantane i Drotningsvik gjera at trafikken går langt treigare enn normalt.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Asfaltkantar grunna asfaltarbeid ved Drotningsvik er hovudforklaringa på dei lange køane. Frå vest står køane inn i Kollveittunnelen opplyser, Statens vegvesen.

Vegvesenet åtvarar mot at køane kan verta timelange.

– Kaotisk

– Bilistar i området ved Straume seier det er heilt kaotisk, seier vaktoperatør i Statens vegvesen Idar Sandgolt.

Han har prøvd å forklara situasjonen for dei mange som har ringt inn og klaga si naud over situasjonen.

Asfaltarbeid i Drotningsvik

SAKTE: Heile tysdag har trafikken snigla seg gjennom Drotningsvik.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Eg har bede dei som har tid til det om å ta seg ein kaffi eller å gå på biblioteket og låna seg ei lydbok, seier vaktoperatøren.

Utbetring i natt

Asfaltkantane som har skapt saktegåande trafikk på strekninga tysdag skal utbetrast i løpet av natta, opplyser vegvesenet.

– Det er mange som ikkje har fått med seg arbeidet, men eg kan ikkje anna enn å be folk om å ta det med godt humør, seier Sandgolt.