Hopp til innhold

Kastar gatemusikantane vekk frå Torgallmenningen

– Me får tallause klagar frå folk som opplever dette som svært forstyrrande, seier byråd Eiler Macody Lund.

Torgallmenningen

VIL HA FORBOD: Byrådet ønskje rå forby gatemusikantar å spele på Torgallmenningen i Bergen. – Hovudgrunnen er tallause klagar frå byens befolkning, butikkar og næringsdrivande som ber om at denne musikken er veldig forstyrrande for dei som jobbar og dei som går forbi, seier byråd Eiler Macody Lund (Frp)

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

I årevis har debatten om kor vidt gatemusikantar skal få spele på Torgallmenningen blussa opp med jamne mellomrom.

Årsaka er at bebuarar og butikkar i området opplever musikken som regelrett bråk. Så mange har klagene vore, at politiet ved fleire høve har måtte rykke ut for å dempe musikantane som spelar dei same låtane om og om igjen.

No vil byrådet ha slutt på spelinga, og endrar regelverket slik at gatemusikantane må trekke bort frå Torgallmenningen, skriv BA.no.

SJÅ OGSÅ: Byrådets kart over kvar det skal vere ulovleg å spele

– Musikken er forstyrrande for folk

Eiler Macody Lund

VIL HA FORBOD: – Hovudgrunnen er tallause klagar frå byens befolkning, butikkar og næringsdrivande, seier byråd Eiler Macody Lund (Frp)

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Hovudgrunnen er tallause klagar frå byens befolkning, butikkar og næringsdrivande som opplever denne musikken som svært forstyrrande, seier byråd for sosial, bolig og områdesatsing i Bergen kommune, Eiler Macody Lund (Frp) til NRK.

I forslaget frå byrådet står det at forbodet gjelder 10 meter inn i sidegatene til Torgallmenningen.

– Det har vore eit unisont ønskje frå folk som oppheld seg i området at ein skal sleppe å ha gatemusikantane på Torgallmenningen, seier Macody Lund.

Politiet må handheve forbodet

Bik Bok i Bergen

FORBOD: Her blir det forbode å opptre for gatemusikantar. – Det har vore eit unisont ønskje frå folk i området om at eit forbod bør bli innført, seier byråd Eiler Macody Lund (Frp).

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Ifølgje BA.no har byrådet spurt Grønn etat i Bergen kommune om kva dei meiner om saka. Rådet deira er klart: «Gatemisikanter forbys å opptre på Torgallmenningen».

– Grønn Etat, ved hjelp av politiet viss nødvendig, må handheve dette. På same måte som dei gjer i andre situasjonar der folk oppheld seg eller gjer ting dei ikkje skal, seier Macody Lund.

Unntaket er ved kultur- og idrettsarrangement som Festspillene i Bergen. Forbodet skal ikkje gjelde Vågalmenningen.

LES OGSÅ: Krever egen audition for gatemusikanter

SJÅ VIDEO:

Kastar gatemusikantane vekk frå Torgallmenningen.

Vil forby gatemusikantar på Torgallmenningen.