Den prestisjetunge prisutdelinga fann stad i kulturhuset Harpa i Reykjavik i kveld. Fosse var på førehand ein av favorittane.
– For meg er prosaen minst like viktig som dramatikken. Så langt eg kan sjå framover er det prosa eg kjem til å skrive og ikkje dramatikk. Dermed kom denne prisen på eit veldig rett tidspunkt for meg. Eg fekk ei stadfesting eg er veldig takksamn for å ha fått, sa Fosse då han mottok prisen.
Norges to nominerte var Jon Fosse, for romantrilogien «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd», og Kristine Næss for romanen «Bare et menneske».
- LES OGSÅ:
Foss er Noreg sin mest kjende nolevande dramatikar. Stykkene hans blir jamnleg spelt på scener over heile verda.
Foss var også nominert i 2001 for «Morgon og kveld», men prisen gjekk den gongen til Jan Kjærstad.
Tidlegare i år vedgjekk han at han ville bli litt skuffa om han ikkje fekk prisen i år.
– Eg kan godt vedgå at om eg ikkje får den så blir eg litt skuffa. Den prisen hadde berre gjort godt på alle vis, skreiv han i ein e-post til NRK.
Litteraturprisen er den meste prestisjefulle av Nordisk Råd sine prisar. Den blei første gong del ut i 1962 og er på 350.000 danske kroner.