Hopp til innhold

Ho omsette strikkekvelden på direkten

Eline Oftedal omsette Nasjonal strikkekveld til engelsk. – Det var kjempestor interesse for dette internasjonalt, seier ho.

Eline Oftedal

OMSET DIREKTE: Eline Oftedal omset NRK2-programmet Nasjonal strikkekveld til engelsk.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det er stor interesse for norsk strikking rundt i verda. Mange har kontakta oss og sagt at dei set pris på den engelske versjonen, seier Eline Oftedal.

Ho omsette det direktesende NRK-programmet Nasjonal strikkekveld, til engelsk. På den måten fekk også engelsktalande strikkeentusiastar med seg kva som skjedde i sendinga i går kveld og i natt..

Spente på rekordforsøk

Oftedal trur nattas rekordforsøk var det mest interessante for utlendingane som fylgde med på sendinga.

– Det er veldig mange som prøver å slå den gamle rekorden, så eg trur mange vil vere spente på om vi klarer det, seier Oftedal.

Sjå den engelske versjonen her.

Fornøgd prosjektleiar

Nasjonal strikkekveld er ikkje det første saktegåande programmet som er sendt på NRK. Tidlegare har mellom anna Bergensbana og Hurtigruta blitt sendt minutt for minutt. Prosjektleiar Rune Møklebust i NRK har blitt glad i dei lange sendingane.

– Det trekkjer til seg publikum på ein heilt spesiell måte, fordi det er så rart, spesielt og uvanleg, seier han.

Møklebust meiner programmet i natt var ein stor suksess

– Eg trur det var fleire som såg på NRK2 i natt enn det som er vanleg.

Rune Møklebust, NRKs sjef ombord i Hurtigruten

OPTIMIST: Prosjektleiar Rune Møklebust trur programmet blir ein suksess (arkivbilete).

Foto: Bjørn Rrik Rygg Lunde