– Det er heilt forferdeleg. Folk over heile landet er frustrerte over at politiet ikkje får ut fingeren og iverkset ein stor leiteaksjon, seier Linda Fjellheim.
Ho er barndomsvenninne av Eeva-Maria Sieppi (31), som natt til 17. mai forsvann og sidan har vore sakna.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ho vart sist observert på Deli de Luca i Torggaten i Bergen sentrum klokka 03.00. Laurdag 18. mai vart ho meldt sakna.
Sidan då har familie, vener og fleire privatpersonar frivillig gjort søk etter Eeva-Maria i Bergen sentrum.
Vil ha hjelp frå Røde Kors
Fjellheim kan ikkje forstå at politiet ikkje har gjeve klarsignal til Røde Kors om å rykkje ut og starte ein brei leiteaksjon.
– Vi har ikkje fått noko inntrykk av eller melding om kvifor dette tek sånn tid. Kva brukar dei ressursane sine på? spør ho fortvila.
– Vi treng hjelp frå profesjonelle. Folk som er van med å søkja etter folk. No har familie og vener leita etter Eeva-Maria i ei veke. Dei er slitne og trøytte, seier Linda Fjellheim.
Onsdag kveld var kring førti personar med på å leita etter Eeva-Maria Sieppi (31). Leitinga held fram i kveld.
Familien er rørt over støtta, og at mange dei ikkje kjenner er med å leita etter Eeva-Maria.
Har ingen haldepunkt
Politiet svarar at dei ikkje har nokon konkrete haldepunkt å gå etter.
– I dette tilfelle har vi ikkje nokon konkret plass å leite. Det blir å sende Røde Kors ut på eit oppdrag utan å ha klart kor ein skal byrja å leita, seier Rigmor Isehaug ved Bergen sentrum politistasjon til NRK.no.
– Det blir som å sende Røde Kors ut på måfå, og det verkar lite fornuftig akkurat no, meiner ho.
I morgon føremiddag skal politi og brannvesen gjennomføra søk i Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum.
– Om ikkje det fører fram, vil me halda fram med søk i nærliggjande område, som til dømes hamnebassenget. Samstundes held me fram den taktiske etterforskinga, seier Isehaug.
Forstår du frustrasjonen hjå familie og vener?
– Eg forstår veldig godt frustrasjonen. Dei saknar ein kjærast, ei syster, ein ven og dei veit ikkje kva som har skjedd. Men vi gjer alt vi syns er fornuftig i denne saka, svarar Isehaug.
Vil ha fleire tips
Ho fortel at det har komme veldig få tips i saka, og oppfordrar fleire til å sjå overvakingsvideoen frå Deli de Luca (sjå video øvst i saka).
Isehaug ynskjer også at gardeigarar i Bergen sentrum går gjennom eigedomane sine.
– Sjå på loft, i kjellarar, i uthus eller i bakgårdar. Sjå om de finn spor som kan hjelpa oss å finna ut meir, oppfordrar Isehaug.
– Vi har i det heile ingen haldepunkt. Vi har verken trafikkdata, mobiltelefon, utskrift frå bankkort. Ingenting kan fortelje oss kvar ho er, anna enn videoen som syner at ho var på Deli de Luca klokka 03.00, seier ho.