Hopp til innhold

Ingen spor etter Eeva (31)

Eeva-Maria Sieppi var sist sett ved ein utestad i Bergen sentrum natt til 17. mai. Sidan har ingen sett 31-åringen.

Sakna - Eeva-Maria Sieppi

SAKNA: Eeva-Maria Sieppi.

Foto: Privat

Familie og vener har måndag for andre dag på rad ovre ute i Bergen sentrum for å leite etter kvinna.

Forlet utestad

Siste sikre observasjon skal vere gjort utanfor utestaden Insde Rock Café i Vaskerelvsmauet klokka 03 natt til nasjonaldagen. Ein mann skal då ha sett Sieppi gå i retning drosjekøen i Vestre Torggate. Og der sluttar alle sport.

– Det er absolutt ikkje typisk henne å bli borte på denne måten. Det har ikkje skjedd før, seier søstera til BA.no.

Den sakna 31-åringen bur og jobbar i Bergen, men kjem opphaveleg frå Finland. Heller ikkje sambuaren hennar gjennom åtte år har høyrt livsteikn frå henne.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Etterlysing

PLAKATAR: Familie og vener har hengt opp etterlysing fleire stader i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Politiet ber om tips

Overfor Bergens Tidende stadfester politiet at kvinna vart meldt sakna laurdag.

- Vi jobbar med saka kontinuerlig, og har gjort avhøyr i saken, seier politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy til nettstaden.

Dei har henta informasjon om eventuell bruk av bankkonto og telefon, og har også henta inn overvakingsbilete frå området der Sieppi sist vart sett. Så langt utan resultat.

Politiet i Bergen ber folk som kan ha sett noko, eller ha opplysningar i saka, om å ringe 02 800.

Meir informasjon om den sakna finn ein også på Facebook-gruppa til frivilligorganisasjonen Savnet i Norge.

Sakna - Eeva-Maria Sieppi

INGEN LIVSTEIKN: Ingen har sett eller høyrt noko frå 31-åringen sidan natt til fredag - 17. mai.

Foto: Privat

Eeva-Maria Sieppi hadde følgjande signalement då ho forsvann:

  • Høgde: 155cm
  • Signalraudt halvlangt hår
  • Augefarge: Grønn/blå
  • Snakkar ein blanding av nordnorsk og bergensk
  • Var kledd i svart kort jakke, svarte bukser med sølvkuler i sida, topp med hovudskalle på
  • Spesielle kjennetegn: Brukar linser og briller.
    Har tatovering på begge armane. Éin på eine armen, tre på den andre, Og én bak ryggen.