16 år gammal var Samuel Massie skuletrøytt, skulka, og hadde elendige karakterar. Så reiste han på folkehøgskule i Troms. Her endra alt seg.
Som 18-åring la han ut på det skjebnesvangre seglasen til Sørpolen med «Berserk». Samuel og Jarle Andhøy overlevde, men båten og dei tre andre om bord kom aldri heim.
Samuel har skrive bok om ekspedisjonen. Sjølv om turen med «Berserk» enda i tragedie, har han noko viktig å fortelje: Alle kan finne noko som gjev dei kjensla av eit liv med meining.
Denne veka fortalde han om alt han har opplevd til ungdomar på vidaregåande skular i Hordaland.
- Sjå video frå skulebesøket på Årstad øvst i saka
– Kan eg, så kan alle
– Er det nokon som har gidda å låne boka?
Samuel Massie er innom skulebiblioteket på Årstad vidaregåande skule. Her skulle han eigentleg sjølv ha gått, men karakterane til den skuleleie 16-åringen var for dårlege.
– Det er veldig rart. Sjølv var eg aldri innom biblioteket då eg gjekk på vidaregåande skule.
På folkehøgskule i Nord-Noreg fekk han endeleg til noko. Korleis det kjennest, vil han gjerne fortelje om til elevane på Årstad.
– Her trur eg det finst mange motivasjonslause unge menneske. Eg skal prøve å tenne ein liten gneiste i dei, seier han.
Det blei ein interessant skuletime for fleire av elevane.
– Det er interessant å høyre på alt han har opplevd. Kan han så kan vi, sa ein av elevane etter foredraget.
LES OGSÅ: