Hopp til innhold

Bakke får pes for å ha gjort for lite

Den neste kulturbyråden arvar ei rekkje uløyste oppgåver etter Gunnar Bakke.

Gunnar Bakke gående

VIL IKKJE KOMMENTERA: Tidlegare kulturbyråd, Gunnar Bakke, vil ikkje kommentera etterslepet han etterlet seg.

Foto: NRK

Ragnhild Stolt-Nielsen

BYRÅDET HAR BRUKT FOR LANG TID: Den nye kulturbyråden får utfordringar, seier Ragnhild Stolt-Nielsen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Det innrømmer byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen. Ein gjennomgang NRK har gjort viser at ei rekke planar på kultur- idrett og næringsområdet er kraftig forseinka.

Ruth Brudvik frå Ap har i fleire år etterlyst ein oppdatert idrettsplan.

– At byrådet ikkje kjem med ein idrettsplan er å halde dei som arbeider frivillig for narr, seier Brudvik.

«Et steg foran» heitte idrettsplanen bystyret i Bergen vedtok i 2009. Ein føresetnad var at planen skulle oppdaterast før 2013. No er byrådet fleire steg på etterskot.

Ruth Brudvik

HAR ETTERLYST IDRETTSPLAN I ÅREVIS: Byrådet tek ikkje ansvaret sitt på alvor, meiner Ruth Brudvik (Ap)

Foto: Arbeiderpartiet

– Dei seier dei skal gjere det, men det blir rett og slett ikkje gjort. Byrådet tek ikkje ansvaret sitt på alvor, seier Brudvik.

Avtroppande byråd Gunnar Bakke skriv i ein SMS til NRK at han ikkje vil kommentera eit politikkområde han ikkje lenger har ansvar for.

Leiar i kulturkomiteen og gruppeleiar for Frp, Tor Woldseth ønska ikkje å kommentera saka til NRK i går.

Har brukt for lang tid

Det er ikkje berre idrettsplanen som har vorte liggande på bordet til kulturbyråden:

  • Sentrumsplanen skulle vore ferdig våren 2013.
  • Landbruksplanen som skulle gjelda frå 2012 har ingen sett noko til.
  • Ein plan over bassengstrukturen i bydelane vart lova i fjor sommar men er ikkje lagt fram.
  • I tillegg gjekk kulturstrategien for kulturbyen Bergen ut på dato i 2012 – utan at bystyret har fått nokon ny strategi på bordet.
Oddny Miljeteig
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg tykkjer ikkje det er rett å kommentere innsatsen til ein byråd som har gått av. Men planetterslepet viser jo utfordringane den nye kulturbyråden vil få, seier byrådsleiar og fungerande kulturbyråd Ragnhild Stolt-Nielsen.

Ho vedgår at byrådet har brukt for lang tid på fleire av planane.

– Det er heilt klart ikkje bra at planar ikkje blir levert når dei skal.

– Reine maktarrogansen

Nestleiar i komite for kultur, idrett og næring Oddny Miljeteig frå SV meiner heile byrådet har ansvaret.

– Høgre og Frp hersar alltid med andre parti og kritiserer oss for å mangle handlekraft. Er det reine maktarrogansen eller får dei det berre ikkje får det til? Det skal ikkje eg seie, men det verkar som om dei ikkje har styring.