Hopp til innhold

Denne bilen skal ta VM-favoritten i mål

Andreas Bakkerud (22) frå Bergen synte i dag fram bilen han skal køyre i årets VM i rallycross.

Andreas Bakkerud

STOLT SJÅFØR: Andreas Bakkerud stiller i VM med denne bilen, ein Ford Fiesta ST SuperCar. Bilen blei avduka på Fløyen i Bergen i dag.

Foto: Camilla Smistad Tofterå

For fyrste gong i historia blir det i år halde eit VM i rallycross og Andreas Bakkerud stiller til start i sin nye Ford Fiesta ST SuperCar.

Bakkerud stod lenge i fare for å miste VM på grunn av pengemangel. Men i dag kunne manager Jan Tore Brustad stadfeste at det blir full VM-sesong for rallycross – sjåføren.

I dag blei løpsbilen avduka på Fløyen i Bergen og ein stolt Bakkerud synte fram fartsvidunderet.

– Bilen har firehjulstrekk og nesten 600 hestekrefter. Dette er verdas raskaste Fiesta, og me skal klare 0–100 km/t på under to sekund, gliser ein spent Bakkerud.

Den unge rallystjerna er to gonger europameister, og i 2013 kom han på fjerde plass i den største klassen. Dei kjende rallycross-sjåførane Henning og Petter Solberg kom på sjuande og trettande plass same år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Andreas Bakkerud

AVDUKA PÅ FLØYEN: Andreas Bakkerud hadde sjølv ikkje sett den ferdige bilen før den blei synt fram i dag.

Foto: Camilla Smistad Tofterå

Alle som vil skal få prøvesitte bilen

Bergensaren og bilen blir berre 48 timar i byen før dei igjen forlèt landet.

Fekk du ikkje sett VM-bilen på Fløyen i dag, har du framleis sjansen i morgon. Den vil stå utstilt på Kverneland Bil på Minde laurdag mellom klokka 10 og 14.

– Eg drøymde sjølv da eg var liten om å få sitte i ein ekte racerbil, og alle som vil skal få moglegheita til å prøvesitte min bil på laurdag, lovar Bakkerud og oppfordrar dei motorinteresserte i Bergen til å ta ein tur innom med familien.

Bakkerud veit godt korleis det er å vere ung og drøyme om racerbilar.

– Dette er starten på eit nytt eventyr-kapittel i karrieren mi. No har eg tatt enda eit steg nærmare draumen som heilt sidan ni årsalderen har vore å bli ein av verdas beste motorsportutøvarar, fortel Bakkerud.

LES OGSÅ: SE VIDEO: Andreas (20) vil vinne EM - Hordaland

(Artikkelen held fram under biletet)

Andreas Bakkerud

EIT STEG NÆRMARE DRAUMEN: Snart kan Andreas Bakkerud køyre sin nye Ford Fiesta ST SuperCar i VM

Foto: Camilla Smistad Tofterå

Takknemleg for støtte frå Bergen

Heile det personlege budsjettet til rallycrosskøyraren kjem frå firma med tilknyting til Bergen. Bakkerud seier han er heilt avhengig av denne støtta.

– Det er dei som har lagt grunnlaget for at eg kan stille til start. Eg er utruleg stolt over å ha klart å få til dette med så mykje støtte frå Bergen.

Bergen blei difor ein naturleg stad for å avduke VM–bilen. Men Bakkerud har sjølv ikkje fått gjere anna enn å prøvesitje vidunderet.

– Me reiser rett ut i Europa i neste veke for å starte testinga. Ved fyrste oppstart av bilen skal det vere minimum 5–6 ingeniørar med og det er det ikkje rom for i budsjettet vårt enda.

– Me får ha køyringa til gode til me kjem heim for å feire gullet til jul, seier Bakkerud.

LES OGSÅ: Nå vil Andreas Bakkerud vinne VM - Hordaland