Den unge rallystjerna er to gonger europameister, og i 2013 kom han på fjerde plass i den største klassen. Dei kjende rallycross-sjåførane Henning og Petter Solberg kom på sjuande og trettande plass same år.
- LES OGSÅ:
No ser han fram til å konkurrere mot resten av verda, men utan sponsormidlar kjem han seg ikkje til VM neste sesong.
Sanka sponsorar som niåring
Då han var tre månader gamal var han på sitt alle første billøp. Interessa låg i familien, og både far og onkel var engasjerte i motorsport.
Eventyret starta nokre år seinare, den dagen Bakkerud fylte ni år.
– På bursdagen min brukte eg alle dåps- og sparepengane mine på ein gokart. Då var det gjort, fortel Bakkerud.
Fram til han var seksten år var det gokart som var hovudinteressa. Men det var ein dyr hobby.
– Den dagen eg kjøpte gokarten sa pappa til meg at eg trengde sponsorar om dette var noko eg ville drive med.
Niåringen tok far sin alvorleg og gjekk over til naboen.
– Hei, eg skal bli verdas beste motorsportutøvar om nokre år, vil du hjelpa meg? Naboen opna lommeboka og gav meg 1000 kr, ler Bakkerud.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Det har vore ein kamp heile vegen
Det har sakte men sikkert gått framover for talentet. 16-åringen er kjend for å køyre jamt godt, og ha gode startar i løp.
– Eg har sjeldan vore den absolutt raskaste i rundane, men jamt god kan ofte vera det beste.
Med 160 reisedøgn i året er det ein dyr sport. Men ifølgje Bakkerud har han heldt hovudet over vatnet takka vere bergensarane.
– Pengar har eigentleg vore ein kamp heile vegen. For meg har det vore heilt naudsynt med gode, lokale samarbeidspartnarar.
Treng fire millionar kroner
VM i rallycross vert arrangert for første gang nokon sinne i mars 2014. No er Bakkerud i forhandlingar med fleire forskjellige team for å klare å skaffe nok pengar til å delta.
Han må nemleg skaffa seg fire millionar kroner i sponsorinntekter.
– Innan dei to neste åra skal eg bli verdsmeister, men då treng eg litt hjelp. Heldigvis er eg ettertrakta av dei beste teama, smiler rallycross-sjåføren.
VM-håpet fortel at det er vanskeleg å vera ung å halde på med ein så dyr idrett.
– Men eg er veldig heldig som bur i ein så entusiastisk by som Bergen. Det er mange som hjelp meg, eg trur og håpar at det er det som vil hjelpa meg å kome til VM.
Innan dei to neste månadane håpar Bakkerud at alle avtaler er på plass, og om alt går i boks kan han for alvor byrja å gjere seg klar til meisterskapen.
– Eg er jo litt uroa, det kan eg ikkje nekta på. Eg må jo budsjettera med fire millionar kroner dette året berre for å delta. Det kan bli vanskeleg.