Hopp til innhold

– Varsling fungerer i Norge

Stikk i strid med internasjonal forskning, syner ny norsk rapport at varsling slår positivt ut for varslaren.

Regnskap

Den norske arbeidslivsmodellen gir rom for varsling, seier ny rapport.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Marit Skivenes

Marit Skivenes trur varsling har gode vilkår i Norge.

Foto: UiB

Opp mot 80 prosent av arbeidstakarne varsla når dei opplevde eit kritkkverdig forhold på arbeidsplassen sin. Det har forskar Marit Skivenes ved Høgskulen i Bergen slege fast i rapporten "When whistle-blowing works".

Og i over 80 prosent av tilfella fekk arbeidstakaren positiv respons på varslinga. Få vart sanksjonerte.

– Totalbiletet er at varsling vert gjort, varsling verkar og varsling er positivt, seier ho.

LES ÒG: Fritt Ord til Per-Ynge Monsen

Den norske arbeidsmodellen

Ho trur dette handlar oppbygginga av det norske arbeidslivet.

– Me seier at arbeidstakaren skal få vera med og bestemme og me me har samstundes gjeve dei vern dersom dei ikkje får nytte denne retten. Og så har me rettar som gjer at det kan sanksjonerast gjennom tillitsmannsaparatet. Så kan me ha verneombodstillingar som er til hjelp, seier ho.

LES ÒG: Å være varsler i Siemens

Ikkje overtydd

Funna i rapporten er stikk i strid med internasjonal forsking på området. Men advokat i arbeidsrett og forretningsetikk, Tor Inge Baldersheim er ikkje overtydd.

– Eg har sett for mange saker kor varslarar har fått dårleg handsaming, seier han.

LES ÒG: - Varslarane taper alltid

Kva type sak det skal varslast om og kor viktig den er, både for varslaren sjølv og for organisasjonen, avgjer korleis den handtert, meiner Baldersheim.

– Jo viktigare saka er for den det varslast om, både på individnivå og på institusjonsnivå, jo sterkare vert motkreftene, seier han.

LES ÒG: - Varslarane taper alltid