Hopp til innhold

– I år skal jula handle om meir enn julegåver

Over 100.000 menneske feira jul åleine i Noreg. I år opnar Elin Enes heimen sin for alle som vil feire jul saman med ho og familien.

elin elnes

VIL SPREIE JULEGLEDE: Elin Enes vil spreie juleglede til dei som ikkje har nokon å feire jul saman med. I år opnar ho heimen sin for alle som ønskjer å kome.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg håpar at jula i år blir ei jul familien aldri vil gløyma. Det skal handle om meir enn berre pakkar, seier Enes.

Ho er kanskje meir glad i jula enn gjennomsnittet. Kvart år i månadene før jul opnar ho julebutikken sin i Uskedal i Kvinnherad. Der sel ho julebakst og julepynt i håp om å spreie juleglede til andre. Men i år ville ho gjere noko ekstra.

Inviterer alle

– Eg vil ikkje berre spreie matglede. I år ville eg spreie juleglede for dei som kanskje kvir seg til jul. Dei som ikkje har nokon å feire saman med, fortel ho.

I haust bestemte trebarnsmora seg for å invitere alle som har lyst, til å feire jul saman med ho og familien. Ho kan freiste med gratis julemat, nissebesøk og julemusikk.

– På julekvelden blir butikken min i Uskedalen fylt med både kjende og ukjende. Slik det ser ut no, ligg vi an til å bli kring 30 personar samla, fortel ho.

Men 30 personar er ikkje nok, ifølgje ho sjølv. Ho vil at endå fleire skal våga å ta turen.

– Eg håpar å fylle lokala her med folk som kanskje ikkje gler seg like mykje til jul som meg. Eg er litt redd folk ikkje våga å ta kontakt, eg hadde jo kanskje stussa litt sjølv. Men eg håpar at alle som vil kome tek mot til seg og feirar saman med oss.

Stor interesse for å be ukjende heim

Administrerende direktør Åsne Havnelid i Ski-VM 2011

VANSKELEG TID FOR MANGE: Åsne Havnelid, generalsekretær i Røde Kors, seier at jula er tung for mange som ikkje har nokon å vere med.

Foto: Thomassen, Christian / SCANPIX

Over 100.000 feirar jul åleine, ifølgje Røde Kors. Åsne Havnelid, generalsekretær i Røde Kors, seier at så mange som éin av fire i Noreg er einsame.

– Det er både unge og eldre. I jula er det viktig at me bryr oss litt ekstra, difor er me veldig glad for at folk opnar dørene sine for ukjende i jula. Det er raust og flott av folk å gjere dette, seier Havnelid.

Ho fortel at det blir stadig vanlegare å invitere ukjende heim på julekvelden.

– Me ser at det har blitt meir populært å opne dørene for dei som kanskje ikkje har nokon å feire saman med. I tillegg inviterer mange organisasjonar til større fellesarrangement.

– Jula skal vere meir enn berre julegåver

– Med tre små barn blir det fort til at jula handlar mest om pakkane. Men i år vil eg at det skal vere noko meir, seier Enes.

No håpar ho at jula i år skal bli ei jul familien aldri vil gløyma.

– Eg har ikkje sett noko reglar om kven som får kome eller ikkje. Men det blir eit alkoholfritt arrangement. Eg vil at me skal ha fokus på å vere saman og gløyme heile pakkejaget.

– Kvifor bestemte du deg for dette?

– Eg ønska å glede andre. Det betalar seg tilbake med dobbel glede til meg.