Ekstremtvêret i Bergen har ført til ein valdsam pågang på 110-sentralen i Bergen. Kapasiteten er sprengt, og kommunen ber folk ringje sentralbordet på 05556.
– Akuttmeldingar skal framleis til 110-sentralen. Om det ikkje er fare for liv og helse kan ein ringje 05556, seier informasjonsdirektør i kommunen, Eva Hille.
Sentralbordet vil vere bemanna heile helga.
110-sentralen var nede
– Årsaka er at 110-sentralen fekk så mange telefonar at heile systemet gjekk ned rundt klokka fire. Då fekk vi og inn folk på sentralbordet på rådhuset, seier Hille.
Både 110-sentralen og 05556 er no oppe og går. Kommunen har alle ressursar tilgjengeleg ute for å arbeide med vassmengdene. I løpet av dagen har det komt rundt 60 mm nedbør.
– Det har vore verkeleg ille. Det er oversymjing i alle bydelane i Bergen, seier brannmann John Erik Haugland til NRK.
– Vi arbeider med å nå alle
– Det er fleire som har bedt om hjelp frå oss som ikkje har fått det endå. Vi prøvar så godt vi kan å rekke over alle som har bedt om hjelp så raskt som råd, seier vaktkommandør i Bergen brannvesen, Geir Bø, ved 20-tida freag kveld.
Både sivilforsvaret og og ekstramannskap er kalt inn.
– Vi brukar absolutt alle ressursar vi kan, seier Bø.
- LES OGSÅ: Sivilforsvaret kommer seg ikke ut