– «Wilson Reef», dette er Fedje VTS.
– Me kjem inn ved Børnestangen og skal inn Vatlestraumen.
– «Wilson Reef» klarert inn Vatlestraumen destinasjon Eikefet.
Lasteskipet «Wilson Reef» ropar opp trafikksentralen på Fedje og får klarsignal til å passera. Frå nyttår må alle større skip som går innanskjers i Bergensområdet få godkjenning, og vert overvaka.
Ti år sidan
Det var den same leia, berre i motsett retning, MS «Rocknes» gjekk for ti år sidan. Forliset i Vatlestraumen er
. Ulukka som kravde 18 menneskeliv førte til krav om betre kontroll med skipsleia.LES ÓG:
Ti år seinare meiner Kystverket at alle dei viktigaste risikoområda rundt norskekysten vert overvaka frå ein trafikksentral.
Konkret i Vatlestraumen er dette eit tiltak for å hindra både grunnstøytingar og kollisjonar mellom skip, seier Arve Dimmen som er direktør for sjøtryggleik i Kystverket.
Området til Sjøtrafikksentralen på Fedje er dobla etter endringa. I utgangspunktet skulle trafikksentralen ha eit ekstra auge med trafikken til og frå oljeterminalane på Sture og Mongstad.
Kvart av dei siste 30 åra er det meldt om mellom 12 og 45 navigasjonsulukker i Noreg. Grunnstøytingar er den største ulukkeskategorien, medan kollisjonsulukker kjem på andreplass.
40 har mista livet
På 20 år har 40 personar mista livet i grunnstøytingulukker. Kystverket håpar betre kontroll med skipsleia skal føra til færre ulukker.
– I tillegg til at skipa må melda ifrå, og kan haldast igjen, kan trafikkstasjonane følgja med på rørslene til skipa. Det gjer at dei kan ta kontakt med skipa om noko unormalt skulle oppstå, seier Dimmen.
– Kvifor tok det ti år frå Rocknes-forliset til dette kom på plass?
– For det første kjem ikkje dette på plass berre på grunn av Rocknes. Men det er slik at tidspunktet heng saman med at me har fått oppdatert det tekniske utstyret på trafikksentralane våre, seier Dimmen.
Trafikksentralsjef på Fedje Terje Alling meiner overvakinga av skipstrafikken gjer skipstrafikken tryggare.
– Me har i lengre tid ønskt at dette området skulle leggjast inn under trafikksentralen. Kystverket har lenge identifisert områda rundt Hjelteryggen og Vatlestraumen som eit område med høgare risiko enn kysten generelt, seier Alling.