Toget frakta treflis frå Moeleven Flesberg og avsporinga skjedde mellom klokka 14 og 15 tysdag sør for Svene i Flesberg kommune.
Dagleg leiar i Moelven Numedal, Rune Frogner fortel at toget skulle transportere flis, som er eit restprodukt frå sagbruket, til Sverige kor det blir nytta i papirdustrien.
– Det er ein seks-sju vogner som har spora av og ligg halvvegs velta. Det er ikkje snakk om personskadar etter avsporinga, fortel Frogner til NRK.
På veg for å granske avsporinga
Jernbaneverket vart via omvegar varsla og undersøkte ulukkesstaden. Jernbanesporet er delvis øydelagt.
Pressevakt i Jernbaneverket, Harry Korslund, seier toget vanlegvis køyrer med låg hastighet.
– Vi vil ikkje spekulere i årsaka til avsporinga, men ulukkeskommisjonen skal granske det som har skjedd, seier han.
Han fortel og at den den svenske operatøren TX Logistic ikkje varsla Jernbaneverket om ulukka da den skjedde.
Opna igjen for treindustrien
Numedalsbanen vert nytta til flistransport frå Moelven Flesberg. Den var tidlegare stengt, men vart tatt i bruk att for godstrafikk i 2013. Banen har status som sidespor frå Kongsberg stasjon. Det var dit toget som spora av var på veg.
Jernbaneverket melder at oppryddingsarbeidet etter planen skal byrje onsdag. Statens havarikommisjon for transport er og varsla om ulukka.