Hopp til innhold

Høgre-politikar i Drammen må i avhøyr om hasjrøyking

Bystyrerepresentant i Drammen, Leif Auke, skreiv i helga på Twitter at han fleire gonger har røykt hasj. No har politiet kalla han inn til avhøyr.

Twittermelding Leif Auke

Denne meldinga la bystyrerepresentant i Drammen, Leif Auke (H), ut i helga. Det fekk politiet til å reagere.

Foto: Skjermdump fra Twitter

– Mykje av det eg innrømmer ligg tilbake i tid, men det har og skjedd i løpet av dei siste fem åra. Dersom eg har lyst til å røyke hasj, er det min sak. Dersom eg setter meg under kjøkkenvifta med ein joint, så er det ein privat greie, uttaler Auke til Drammens Tidende. Det er politiet ueinige i.

Politiet har kalla Auke inn til avhøyr

– Når politiet får kjennskap til lovbrot, så plikter politiet å undersøke det, sa Øyvind Aas, stasjonssjef ved Drammen politistasjon måndag formiddag.

Politiet har kalla Leif Auke inn til avhøyr tysdag. Høgrepolitikaren seier han kjem til å stille for å forklare det han har gjort.

Sterke reaksjonar

Leif Auke, leder Drammen kommunale foreldreutvalg

Drammenspolitikar, Leif Auke (H), må inn til avhøyr etter å ha innrømt å ha røykt hasj.

Foto: Kate Barth-Nilsen

Sidan stortingsrepresentant Erik Skutle (H) frå Bergen blei sikta for brot på narkotikalovgivinga i førre veke har mange meint mykje om bruk av hasj blant dei folkevalde. Twittermeldinga frå bystyrerepresentant Leif Auke blir tolka som eit forsøk på å mildne kritikken mot den unge stortingsrepresentanten.

Auke måtte forklare seg til bystyregruppa til Høgre i Drammen måndag kveld. Der beklaga han det han har skrive på Twitter og sagt til media. Han har og bedt om orsaking til heile bystyret i Drammen.

La seg flat

– Som folkevald er eg ein offentleg person. Overfor alle og spesielt ungdom er det viktig å vise at man som tillitsvalt for Høgre respekterer norsk lov og Høgre sin nulltoleranse mot narkotika. Med dette beklagar eg den situasjon eg har sett Høgre, meg sjølv og min familie i gjennom mine utsegn, seier Auke i ei erklæring måndag kveld.

Leif Auke beklager

Måndag kveld la Leif Auke (H) ut denne orsakinga etter møte med bystyregruppa til Drammen Høgre.

Foto: Skjermdump fra Twitter

Høgre sin gruppeleiar i Drammen, Johan Baumann er letta over at Auke ber om orsaking, men påpeiker at det ikkje blir tolerert om bystyrepolitikaren uttaler seg på liknande vis igjen. Og han seier til NRK at dei førebels stoler på at Auke ikkje har misbrukt narkotika etter at han blei valt inn i bystyret.

– Vi regner nesten med at han får ein reaksjon frå politiet. Men dersom det viser seg at han har misbrukt narkotika etter at han blei valt inn i bystyret, stiller det seg annleis, seier Baumann.

– Kva meiner du med det?

– Då har han ikkje ei framtid i Høgre, presiserer gruppeleiaren.

Baumann har hatt samtalar med Høgre sentralt og dei har vurdert saka som ulik den som gjeld stortingsrepresentant Erik Skutle frå Bergen. Argumentet er at Skutle er lovgivar, som stortingsrepresentant, medan Auke er kommunepolitikar.

– Men det alvorlege er uansett at dei har brote med nulltoleransen for narkotika i Høgre, seier Baumann.