Hopp til innhold
Kronikk

Vinnaren tar alt

Er boklova berekraftig? Eg kjenner på ein aldri så liten tvil.

Hadia Tajik barnelitteratur

Kulturminister Hadia Tajik (Ap) les høgt for barn frå Bjørnebakken barnehage. Vil bokloven hennar overleve nyttår? spør forfattar Lars Ove Seljestad i denne kronikken.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Det var i dei dagar då politimannen Harry Hole regjerte den norske litteraturmarknaden at kulturminister Hadia Tajik let vedta den store norske Boklova.

Knappe ti dagar etter at det største førsteopplaget av noka norsk bokutgjeving var teppebomba inn i bokhandlarar, aviser og fjernsynsredaksjonar, blei det vedtatt ei norsk boklov som hadde det uttalte føremålet å sørgja for breidde, mangfald og demokrati på den norske bokmarknaden.

Ein berekraftig boklov?

Det store spørsmålet er sjølvsagt: will it float? Eller, formulert i groharlembrundtlandske termer: Er boklova berekraftig? Vil den verkeleg bidra til å realisera dei kultur-, og språkpolitiske måla om breidde, mangfald, nyskaping og kvalitet på den framtidige bokmarknaden?

Er boklova berekraftig? Ja, det kan berre framtida gi oss svaret på. Og det tar tid.

Lars Ove Seljestad, forfattar

Ja, det kan berre framtida gi oss svaret på. Og det tar tid. Ikkje vil vi ha svaret i løpet av dette året. Ikkje får vi svaret neste år. Først om 5 til 10 år kan vi begynna å danna oss eit bilde av korleis den norske boklova har medverka til å realisera dei vakre, og ja, misforstå meg rett, dei utvilsamt riktige og fornuftige politiske måla om mangfald, kvalitet og breidd.

Om eg skal vera heilt ærleg, må eg tilstå at eg kjenner på ein aldri så liten tvil.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Etter regjeringsskiftet

For det første er det jo slik at Storting og Regjering har drive og krangla om kven som skal gjera det endelege vedtaket om iverksetting av den nye boklova. Og det er, i skrivande stund, enno ikkje avklart om den nye boklova skal tre i kraft i haust, eller, mest sannsynleg, ikkje før frå årsskiftet.

For det andre er det jo slik at det, om ein skal tru på politiske meiningsmålingar og sentrale rikssynsarar, og det skal ein jo, så ligg det an til eit aldri så lite regjeringsskifte i Noreg etter Stortingsvalet. Og paradoksalt nok har Jern-Erna og dei fripriskåte kumpanane hennar, alt før lova var blitt vedtatt, fortalt oss at den skal vekk så snart dei kjem inn i regjeringskontora.

Den boklova som eit samla norsk litterært miljø står bak, og som også fekk fleirtal i Stortinget i juni, er muligvis ei sak for historieskrivarane alt før den får høve til å visa kva den er god for.

Lars Ove Seljestad, forfattar

Ja, slik kan det gå i den verkelege verda. Den boklova som eit samla norsk litterært miljø står bak, og som også fekk fleirtal i Stortinget i juni, er muligvis ei sak for historieskrivarane alt før den får høve til å visa kva den er god for.

Dumskap utan grenser

Forstå det den som vil. Eg forstår det ikkje. For meg er det komplett umulig å forstå at ei boklov som opplagt vil vera til fordel for lesarar og forfattarar, og for den litteraturen som ikkje er krim, kan vera ein så stor trussel mot den kulturelle og økonomiske framtida til landet vårt, at den må fjernast frå jordas overflate alt før den har tredd i kraft.

Eg forstår det ikkje i det heile, men så må eg jo også vera umåteleg dum. Så dum er eg, at eg av fri vilje har valt å arbeida som skjønnlitterær forfattar i ein usikker bransje utan det minste sosiale sikkerheitsnett eller gylne fallskjermar.

Eg er så dum at eg, til tross for høg utdanning og både lang og brei yrkes- og arbeidserfaring, har valt å bruka tida mi på noko så dumt som å skriva poesi, og attpåtil på det hata minoritetsspråket nynorsk.

Eg er så dum at eg, til tross for høg utdanning har valt å bruka tida mi på noko så dumt som å skriva poesi, og attpåtil på det hata minoritetsspråket nynorsk.

Lars Ove Seljestad, forfattar

Men det stoppar jo ikkje der. Min dumskap kjenner, rett og slett ingen grenser. Eg er så dum at eg attpåtil vel å skriva dikt om ein nedlagt fabrikk på ein gammal industristad i ein avkrok av ein mørk fjord på Vestlandet i Ultima Thule.

Marknadens Mordor

Og om ikkje det er nok til å diskvalifisera meg som marknadstilpassa så sørgjer eg samstundes for leggja meg ut med dei høge herrar i Nynorskens skog gjennom å skriva eit bastardnynorsk som fløymer over av industristadens ureine blandingsspråk, og som inneheld både stygge bokmålsord, banning og dialektale sideformer.

Verst av alt er truleg, likevel, at skrifta mi også fremmar eit underdog-syn på samfunnet som dei mektige både på den kommersielle marknaden og i Nynorskens skog mislikar sterkt. Kritikk av dei rike og mektige vil ein ikkje høyra noko av, verken i den kommersielle marknadens Mordor eller ved dei språkpuritanske strekkbenkane i nynorskens Isengard.

Kritikk av dei rike og mektige vil ein ikkje høyra noko av, verken i den kommersielle marknadens Mordor eller ved dei språkpuritanske strekkbenkane i nynorskens Isengard.

Lars Ove Seljestad, forfattar

Men eg synst det er viktig. Eg synst det er viktig at det blir skrive bøker og tekstar nedanfrå. Eg synst det er viktig at det finst eit litterært og språkleg mangfald i dette landet. Eg synst det er viktig at industriarbeidarens bastardbokmål og bastardnynorsk finn sin veg inn i litteraturen.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Eg trur på breidde

For meg er språk liv. For meg er språk ein måte å vera i verda på. For meg er språk eit uttrykk for eit livssyn, og eit samfunnssyn. For meg er språk og litteratur ein nødvendig del av eit demokratisk liv i eit demokratisk og mangfaldig samfunn.
Eg er så dum at eg trur på breidde, mangfald og den nye boklovas regulering av bokmarknaden.

Så dum er eg, at eg valde å lansera fabrikkdiktet mitt Storspring dagen etter at Jo Nesbø hadde lagt bokmarknaden og avisredaksjonane øyde med sin tiande Harry Hole-roman.

Eg synst det er viktig. Eg synst det er viktig at det blir skrive bøker og tekstar nedanfrå.

Lars Ove Seljestad, forfattar

I mellomtida har opplaget til Harry stige frå 270.000 til 410.000. I den same tida har opplaget av fabrikkdiktet mitt lagt stabilt på 1.800. Og der blir det vel liggande, om ikkje ein då er så dum at ein trur på eit mirakel, eller på den norske boklova, som også er eit mirakel i kommersialiseringas tidsalder.