Hopp til innhold
Kommentar

United States of... Europe?

Midt i eurokrisa ser det ut til å vere gode tider for føderalistane i Europa. Kan krisa tvinge fram ein reell europeisk union? spør Knut Magnus Berge, kommentator i NRK.

topp France EU Financial Crisis

EU-kommisjonens president José Manuel Barroso har tatt til orde for ein europeisk føderasjon av nasjonalstatar. Eurokrisa kan tvinge fram ein reell europeisk union, skriv NRKs Knut Magnus Berge i denne kommentaren.

Foto: Christian Lutz / Ap

Det har vore ein god september for EU-forkjemparane på kontinentet. Først godtok den tyske forfatningsdomstolen Europas permanente krisefond. Det var ein føresetnad for at pengar skal halde fram med å strøyme frå nord til sør i Europa.

Så gjekk EU-kommisjonens president José Manuel Barroso på talarstolen i Europaparlamentet og tok til orde for ein europeisk føderasjon av nasjonalstatar. Første steg er å etablere ein europeisk bankunion, der dei europeiske bankane skal underleggast eit felles regelverk og tilsyn frå Den europeiske sentralbanken (ESB). Grepa som verkar mot eurokrisa, fører Europa i retning av ein slags føderalstat.

Triumf

Men den største triumfen kom då EU-forkjemparane i Nederland vann ein braksiger i parlamentsvalet. Nederlendarane slutta opp om partia som slår ring om euroen, som vil ha ein stadig tettare europeisk integrasjon og som vil støtte gjeldsråka euroland med nye overføringar. EU-forkjemparane sleit lenge i motvind i valkampen, men så snudde det. Og med det gav nederlandske veljarar eit kjærkoment folkeleg mandat til framleis europeisk integrasjon.

Ber valet i Nederland bod om eit stemningsskifte?

Knut Magnus Berge, kommentator

Krisa i Europa er ei krise på mange plan. Det er ei gjeldskrise og ei økonomisk krise. Men det er også ei sosial krise og ei avgjerdskrise. Til no har det også vore ei tillitskrise. Så blir spørsmålet om valet i Nederland ber bod om eit stemningsskifte. Om at den europeiske grasrota trass alt meiner det tryggaste er å gå vidare på den vegen som er staka ut, heller enn å risikere at euroen raknar?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Tysk test

Den store testen kjem til hausten neste år. Då er det val i Tyskland. Angela Merkel ber om mandat frå tyskarane til å gå vidare i den europeiske integrasjonen. Tyskland har inntatt leiarrolla i Europa, og kanskje blir stemningsskiftet i Nederland følgt opp av eit nytt debattklima også i Tyskland. Angela Merkel ligg godt an til fire nye år som tysk regjeringssjef.

Meir uavklart er det kva regjering ho i så fall vil stå i spissen for. Kanskje kan det på ny bli ein storkoalisjon av hennar kristelegdemokratar og dei EU-entusiastiske tyske sosialdemokratane. I så fall vil EU kunne ta nye steg i retning det ein kan kalle ein føderasjon av nasjonalstatar.

Angela Merkel ber om mandat frå tyskarane til å gå vidare i den europeiske integrasjonen.

Knut Magnus Berge, kommentator

Legitimitet

Det er i nasjonale val europeiske politikarar må hente legitimitet til sitt prosjekt, sa Jonas Gahr Støre på Agenda-konferansen til Norsk Utanrikspolitisk Institutt nyleg. Dette er eit sentralt poeng. Det er grasrota i medlemslanda som må vere med, dersom det europeiske prosjektet skal ha legitimitet. Og den legitimiteten må dei hente i vala på heimebane.

Det er grasrota i medlemslanda som må vere med, dersom det europeiske prosjektet skal ha legitimitet.

Knut Magnus Berge, kommentator

Støre spådde samtidig at eurokrisa kan gi eit sprang framover i den europeiske integrasjonen. At det vi ser er ei krise, absolutt, men ikkje ei krise for integrasjonen som såleis. Tvert imot kan eurokrisa føre til at ein tar steg som var utenkelege berre for få år sidan.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Terningen er kasta

Då euroen blei innført som felles valuta var det først og fremst eit politisk prosjekt, meir enn eit økonomisk. Det var ein uferdig pengeunion dei europeiske politikarane skapte. Felles valuta, men ikkje felles finanspolitikk, og med relativt lite makt hos Den europeiske sentralbanken. Dersom ein no får ein bankunion med felles reglar og tilsyn for europeiske bankar – der ESB har ei nøkkelrolle – endrar det biletet.

Euroen er truleg komen for å bli, og for å redde den må tiltak settast i verk som gjer eurolanda stadig meir samanbundne i eit skjebnefellesskap.

Knut Magnus Berge, kommentator

Det nederlandske valet ber bod om at også mange europeiske veljarar meiner at det ikkje er nokon veg tilbake. Euroen er truleg komen for å bli, og for å redde den må tiltak settast i verk som gjer eurolanda stadig meir samanbundne i eit skjebnefellesskap.

Europa er inne i kraftige endringsprosessar. At det også vil få følgjer for Norge er heva over tvil. Spørsmålet er kva for følgjer.