Hopp til innhold
Kronikk

Tid for feiring?

Barnekonvensjonen fyller 25 år. Dette forventar eg, på vegner av norske barn, av myndigheitene i tida som kjem.

Norske barn i gule refleksvester går i tog med FN-flagg

I dag fyller FNs barnekonvensjon 25 år. 193 land er juridisk forplikta til barnerettane. Her går norske barn i tog på FN-dagen, 24. oktober i år.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Noreg er eit godt land å bu i for barn. Vi har bevega oss bort frå eit samfunn der barn var eigedomen til vaksne. Eit barn skulle bli sett, men ikkje høyrt. No har vi eit trygt samfunn der barn blir sett på som individ med eigne rettar.

Vi er enno ikkje i mål. Vi må syte for meir bevisstheit om kva barnerettane inneber i praksis, få på plass gode klageorgan som syter for at barnerettane blir oppfylte, og bli mykje flinkare til å ta barnas meiningar på alvor.

Barnerettane forpliktar

Barnekonvensjonen blei vedtatt av FNs generalforsamling den 20. november 1989. Det er den konvensjonen som er ratifisert av flest land i verda. 193 land er juridisk forplikta til å halde nokre universelle standardar for barnerettane. Dette er unikt.

Vi ser altfor mange tilfelle av at barn ikkje får oppfylt dei rettane dei har krav på.

Anne Lindboe, barneombod

Barnekonvensjonen gir myndigheitene plikter som er viktige for at alle barn skal ha eit godt liv. Kvart femte år må alle statar rapportere på korleis dei følgjer opp konvensjonen. FNs komité for barnerettane, som tar imot desse rapportane og har som oppgåve å utfordre statane, blir for tida leia av professor Kirsten Sandberg ved Universitetet i Oslo. Barnekomiteen publiserer også ei rekkje generelle kommentarar som er viktige når vi skal fortolke og forstå artiklane og innhaldet i konvensjonen.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Eg forventar meir

I Noreg har vi tatt nokre grep, slik at barnekonvensjonen skal få ei reell tyding for barn. Vi har gjort barnekonvensjonen til norsk lov og gitt han forrang dersom andre lover er i strid med konvensjonen. Våren 2014 blei Noreg også eit av landa som har barnerettane innlemma i Grunnlova. Myndigheitene gjer også stadig endringar i vanlege lover for å betre rettsstillinga til barn.

Sjølv om vi er komne ganske langt når det gjeld barnerettane i lovverket, er det framleis eit godt stykke igjen før rettane er implementert i praksis. Vi ser altfor mange tilfelle av at barn ikkje får oppfylt dei rettane dei har krav på. Når barnekonvensjonen no rundar 25 år, har eg derfor lyst til å vise til tre område der eg forventar meir av norske myndigheiter i tida som kjem.

Farleg

For det første må vi bli flinkare til å informere barn om rettane sine. Tidlegare i år besøkte eg ein skule og snakka med 100 elevar om barnekonvensjonen og barnerettane. Etter møtet melde 20 elevar ifrå om både psykisk og fysisk vald, om mobbing og om kor vanskeleg dei hadde det etter skilsmissa til foreldra. Barn kjenner ikkje rettane sine. Det kan vere farleg – for eit barn som ikkje veit at foreldre ikkje har lov å slå, fortel kanskje heller ingen at han eller ho opplever vald heime.

Størsteparten av det offentlege Noreg veit lite om dei pliktene dei har etter konvensjonen.

Anne Lindboe, barneombod

Men det er ikkje berre barn som ikkje kjenner barnekonvensjonen. Eg ser også at størsteparten av det offentlege Noreg veit lite om dei pliktene dei har etter konvensjonen. I generell kommentar nr. 5 frå FNs barnekomité kjem det fram at myndigheitene har plikt til å gi systematisk informasjon og opplæring om barnekonvensjonen til alle som jobbar med saker som betyr noko for barn. Eg ser ingenting i dag som tilseier at dette har prioritet.

Ingen klagerett

For det andre må Noreg snarast ratifisere tilleggsprotokollen som gir barn moglegheit til å klage inn brot på barnekonvensjonen til FNs barnekomité. Det at Noreg enno ikkje har skrive under, er i ferd med å rive ned det gode ryktet Noreg har som forkjemparar for barnerettane. Det er viktig for barn i Noreg at brot på rettane deira kan kome opp for barnekomiteen. Men det er også veldig uheldig at Noreg sit på gjerdet, fordi det i praksis legitimerer at land med langt dårlegare rulleblad på menneskerettsfeltet enn Noreg også held seg passive.

For det tredje må barnestemmene faktisk bety noko for dei sakene som vedkjem dei. Barn sin rett til å bli høyrt må bli ein del av ryggmergsrefleksen hos dei som tar avgjersler på vegner av barn. Slik er det ikkje i dag.

Sløsing

For nokre år sidan oppdaga Porsgrunn kommune at 150 av 250 leikeplassar ikkje blei brukt. Dette var fordi dei ut frå barna sin ståstad låg feil til og var lite attraktive. Dersom myndigheitene ikkje involverer barn og unge i det som handlar om dei, så både bryt dei med barnerettane og sløser med tid og pengar.

Det er veldig uheldig at Noreg sit på gjerdet, fordi det i praksis legitimerer at land med langt dårlegare rulleblad på menneskerettsfeltet også held seg passive.

Anne Lindboe, barneombod

Eg veit at det er mogleg å høyre barn når ein veit å bruke dei rette og mest effektive verktøya. Sjølv har vi utvikla eit kursopplegg som har som mål å gjere kommunar og myndigheiter meir kompetente i møtet med barn og unge. Men det trengst meir. Her må alle ansvarlege ministrar og leiarar bli endå tydelegare. Dei må stå i spissen og krevje at barn og unge blir involvert når dei skal lage politikken.

Får ikkje bestemme alt

Mi erfaring er at barn og unge ønskjer å bidra, og at dei har heilt konkrete tankar og idear om det samfunnet dei er ein del av. At barn og unge skal kjenne rettane sine og få sagt meininga si, betyr ikkje at barn og unge skal få bestemme alt. Det er dei vaksne som har ansvaret.

Men ved å lære om sine eigne rettar blir ein også merksam på at andre har rettar. Og med det kjem respekt for andre, og forståinga av at det ikkje berre handlar om eg, men om vi.