NRK Meny
Normal

Svarte tyrkarar, kvite tyrkarar

At kuppforsøket i Tyrkia møtte så stor motstand, fjernar ikkje dei djupe splittingane i det tyrkiske samfunnet.

TURKEY-POLITICS-MILLITARY-COUP-DEMO

Demonstrantar på Taksim-plassen i Istanbul støttar Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan etter kuppforsøket.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Kronikkvignett Ytring

Etter kuppforsøket i Tyrkia er det tyrkiske samfunnet endå meir polarisert. Mange har peika på usemjer knytt til kor religiøst eller sekulært samfunnet skal vere. Men konfliktane i det tyrkiske samfunnet handlar ikkje berre om idear for korleis samfunnet burde bli styrt. Dei handlar om korleis tyrkiske borgarar identifiserer seg sjølve.

Den tyrkiske sosiologen Serif Mardin hevda tidleg på 1970-talet at hovudskiljet i tyrkisk politikk gjekk mellom sentrum og periferi. Med dette meinte han både noko geografisk og sosialt.

Representantane for sentrum budde i dei største byane, hadde jobbar som heldt dei nære makta, og var positive til landsfader Mustafa Kemal Atatürk sin sekulære visjon for Tyrkia. Dei i periferien budde i innlandet i Anatolia, hadde lågare sosial status, og var religiøst konservative.

By mot land

Denne skiljelinja har også gjort seg tydeleg i tyrkisk offentlegheit dei siste tiåra, men med andre merkelappar. Tyrkiske journalistar, akademikarar og politikarar omtaler no eit skilje mellom det dei kallar svarte og kvite tyrkarar.

Den typiske kvite tyrkaren er korkje på høgre- eller venstresida politisk, men har sympati for den tyrkiske hæren og prinsippa til Mustafa Kemal Atatürk. Han jobbar i statsapparatet eller i militæret, bur i eit stort hus langsmed kysten, likar vestleg musikk, drikk alkohol, og snakkar gjerne nedlatande om kor uvitande hans tyrkiske medborgarar er.

Likskapen mellom Menderes og Erdogan er slåande.

Den typiske svarte tyrkaren derimot, er frå innlandet i Anatolia, religiøst konservativ, og høyrer på arabeskmusikk. Han kan ha eit manuelt yrke, men mange er også kjøpmenn eller forretningsfolk med ansvar for små- og mellomstore bedrifter.

Undertrykket religion

Erdogan har sjølv brukt tida ved makta til å nøre opp under desse to stereotypiane for tyrkisk identitet. «I dette landet er det eit skilje mellom svarte tyrkarar og kvite tyrkarar. Dykkar bror Tayyip tilhøyrar dei svarte tyrkarane», erklærte han i 2003.

For eit par år sidan omtala han dessutan dei kvite tyrkarane slik: «Dei seier at dei er artistar, forfattarar, at dei har hovudstaden sin, at deira stemme ikkje er lik den til Ahmet eller Mehmet i Kayseri [industriby i sentrale Anatolia]. Dei drikk whisky ved Bosporos, lever livet i Çankaya [eit fasjonabelt strøk i Ankara] og foraktar resten av folket.»

Skiljet som legg grunnlaget for denne identitetsmarkøren mellom sentrum og periferi, mellom svart og kvit, går tilbake til opprettinga av den tyrkiske republikken i 1923. Mustafa Kemal Atatürk og hans parti CHP fekk ikkje med seg dei religiøst konservative i deira moderniseringsprosjekt. Delvis som ei følgje av dette, tok mange av reformene til Atatürk sikte på å undertrykke religionen, og tilsidesette det tradisjonelle og konservative fleirtalet.

Kupp

CHP tviheldt ved makta, og var lojale mot Atatürk sin visjon gjennom heile mellomkrigstida og den andre verdskrigen. Men ved det første opne valet i Tyrkia i 1950 vann det Demokratiske Partiet (DP), leia av Adnan Menderes. Dette gjorde dei i stor grad takka vere støtte frå svarte tyrkarar frå utkanten.

Då Erdogan kom til makta i 2003, skjønte han at det ikkje var nok å vinne eit fleirtal av stemmene i vala.

Menderes lokka bevisst til seg desse veljarane, og profilerte seg som ei motvekt til den tradisjonelle sentralmakta. Han mjuka opp i dei strenge sekulære prinsippa i staten, og førte ein meir liberal økonomisk politikk for å blidgjere eigarane av små- og mellomstore bedrifter. Etter ti år ved makta fekk derimot militæret nok, og gjennomførte det som skulle bli det første av tre store kupp i Tyrkia. Tre av leiarane i DP, inkludert Menderes, vart snart hengt.

Likskapen mellom Menderes og Erdogan er slåande. Begge lente seg på støtte frå svarte tyrkarar, begge vart frykta og forakta av dei kvite tyrkarane, og begge vart gradvis meir autoritære utover deira andre mandatperiode. Men til skilnad frå Menderes har Erdogan hatt historia på si side, på to måtar.

Lært av historia

For det første har Erdogan lært av historia, og dermed trygga sin eigen posisjon mot eventuelle kuppforsøk. Då Erdogan kom til makta i 2003, skjønte han at det ikkje var nok å vinne eit fleirtal av stemmene i vala. Han måtte også få bukt med militæret si innblanding. Ein stor del av hans tid ved makta har difor gått med til å svekkje militæret si vetomakt i politikken. Dette arbeidet har nok vore ein bidragsytar til at militærkuppet tidlegare denne månaden såg så stussleg svakt ut.

Polariseringa i Tyrkia kan sjåast på som svart-kvitt, bokstavleg talt.

For det andre har også Erdogan sine motstandarar lært av historia. Det største opposisjonspartiet, CHP, vart grunnlagt av landsfader Atatürk sjølv, og kan i høgste grad seiast å tilhøyra dei kvite tyrkarane.

Men til trass for deira motstand mot Erdogan, og den tradisjonelle støtta til militæret blant kvite tyrkarar, har CHP vore tydelege på å fordømme kuppforsøket. Minnet om den brutale handsaminga av politiske aktørar, den udemokratiske politikken som vart ført etter tidlegare kupp, samt at demokratiske verdiar er flytta høgre opp på den internasjonale politiske dagsordenen, bidrog til at CHPs kvite tyrkarar, saman med dei andre politiske partia i landet, gjekk imot militæret sitt kuppforsøk.

Men at kuppforsøket i Tyrkia møtte så stor motstand, frå både svarte og kvite tyrkarar, fjernar ikkje dei djupe splittingane i det tyrkiske samfunnet. Polariseringa i Tyrkia kan sjåast på som svart-kvitt, bokstaveleg talt. Usemjene vi ser mellom politiske aktørar i Tyrkia i dag, og den aukande polariseringa i landet, kjem ikkje berre av usemje i enkeltsaker. Den handlar også i stor grad om kvar enkelt sin identitet.