Hopp til innhold
Kronikk

Reality – Noregs seigaste eventyr?

Realitykonseptet overlevde barndomen og er blitt ein levedyktig tenåring – med kjendisoppheng. No gjenstår spranget inn i vaksenlivet.

Det sterkeste kjønn

TV 2 har fått med seg kjendisar av alle avskygningar – frå Dagbladets Martine Aurdal og Raudts Bjørnar Moxnes til metakjendis Sandra Lyng Haugen og rallykøyrar Petter Solberg – i serien «Det sterkeste kjønn».

Foto: Rolf-Orjan Hogset / TV 2

71 grader nord, som hadde sesongpremiere på TVNorge i byrjinga av mars er verdas lengstlevande realitykonsept. Blant deltakarane i kjendisutgåva denne våren er Linni Meister, Olaf Tufte, Astrid Lødemel og Askil Holm. I vår kan me og møte seksten andre kjendisrealitydeltakarar i «kjønnskamp» i TV 2 sitt nye realityprogram Det sterkeste kjønn.

Det er femten år sidan Robinsonekspedisjonen, den første norskproduserte realityserien vart sendt på TVNorge, ein norsk versjon av den svenskskapte Expedition Robinson frå 1997. Seksten deltakarar skulle konkurrere om kven som best kunne overleve på ei sydhavsøy, og vinnaren vart Christer Falck, som brukte eksponeringa som springbrett for vidare karriere.

Realityen har blitt tenåring – og kjendis

Etter ein barndom prega av Rodney og Anette sitt dyneløft i Big Brother og Gaute Grøtta Grav sitt renkespel i Farmen har realitykonseptet nådd tenårene, ein tenåring i dyre traktorsko og Canada Goose-jakke, skal me tru sjåartala.

Realityfjernsyn har endra fokus, frå tumleplass for vanlege folk til leikegrind for kjendisar med eksponeringsbehov.

Astrid Havn Tranøy

Suksessar som 71 grader nord og Farmen, og premieretala på Det sterkeste kjønn på nesten ein halv million sjåarar, talar for at «drittsekk-tv» og «intrigefjernsyn» vil vere med oss endå litt til.

Trass i at Farmen og 71 grader nord har beheldt gode sjåartal sidan starten kan det synast som om realityfjernsyn har endra fokus, frå å vere ein tumleplass for vanlege folk som til tider kanskje baud på litt for mykje av seg sjølv, til å bli ei leikegrind for kjendisar med eksponeringsbehov.

Et meir personleg Noreg

Sjåarane er uansett trufaste. Ein av grunnane til populariteten ligg kanskje i namnet – reality. Det er gøy å sjå ekte menneske på fjernsyn utan manus, og det er gøy å få eit innblikk i kjendisane sine personlegdomar. Realityfjernsyn er eit av mange teikn i tida på at det offentlege rom har blitt meir personleg, og at fleire vel å gjere sine privatliv offentlege.

Kjendisrealityprogramma blir stadig fleire, og politikarane følger trendene.

Astrid Havn Tranøy

Sosiologen Richard Sennett har gitt namnet intimitetstyranniet (1992) på fenomenet der personlegdomar set sine preg på stadig fleire arenaer i det offentlege rom. Medievitar Ida Aalen konstaterte nyleg i eit intervju i Morgenbladet om Facebook sitt 10-årsjubileum, at det offentlege Noreg definitivt har blitt meir personleg når Frp-leiar Siv Jensen postar feriebilete av tærne sine på stranda i sin facebookstatus. Kjendisrealityprogramma blir stadig fleire, og politikarane følger trendane. Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er ein av deltakarane i Det sterkeste kjønn.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ekte nok?

På eit slikt bakteppe tilbyr realitysjangeren eit nisjeprodukt. Verdifull eksponering for deltakarane, vanlege folk og kjendisar, og orkesterplass til kjente eller gjenkjenbare personlegdomar for publikum. Realitydeltakarane er kontraktfesta til å by på seg sjølv, og det at heller ikkje kjendisdeltakarane har ei rolle å gøyme seg bak, gjev oss ei kjensle av å få intim kontakt med dei bak maska. Å vere ekte og autentisk er ein eigenskap mange set pris på i ei tid der utsjånad og image er alt. Når rallykøyrar og deltakar i Det sterkeste kjønn, Petter Solberg seier at kona sin plass er på kjøkkenet (medan han køyrer rally with pigs in his tires) er det ikkje akkurat politisk korrekt, men det er i alle fall forfriskande ærleg og ekte.

Genistreken ligg i at det er opp til publikum å caste heltane og skurkane.

Astrid Havn Tranøy

Men er det ekte nok? Eit anna svar på kvifor realitykonkurransar framleis er like populære kan ligge i den motsette enden. Sjølv om deltakarane er utan manus er handlinga iscenesett og dramaet har roller som skal fyllast. Paradise Hotel – skaparane har jamvel tydd til skodespelarar i tillegg til vanlege deltakarar i sin siste sesong. Handlinga i realitykonkurransane har eit mål (å bli storbonde eller Noregs tøffaste kjendis), er plassert ein spesiell stad (Lindesnes eller Gran Canaria), med særskilde kulissar (sydhavspalmer eller Noregs vakre natur) for å skape ei viss stemning. Historia har ein enkel dramaturgi, med eit problem som til slutt får ei løysing og for vinnaren ein lukkeleg slutt. Genistreken ligg i at det er opp til publikum å caste heltane og skurkane.

Gjenfødt stjerne med skandalane lagt seg

Dei populære norskskapte realityprogramma rommar ein ekstra episk dimensjon – forteljinga om oss. Bondelivet i Farmen skal minne oss om våre røter av stolte gardbrukarar. Når TVNorge promoterer 71 grader nord som Norges vakraste eventyr skal me kjenne oss stolte over våre fossar, fjell og fjordar – med produktplassering. Gjennom spelet på kjønnsstereotypar i Det sterkeste kjønn og bruken av Askeladden-temaet i Farmen og 71 grader nord bygger realityfjernsyn på klassiske forteljarstrukturar frå folkekulturen. I samanblandinga av forteljinga frå røyndomen og oppfyllinga av ein fiksjon blir nye tilsynelatande ekte versjonar av klassiske forteljingar skapt, i ei form for postmoderne segn som bekreftar våre førestillingar om oss sjølve og om andre.

Raudvinsdrikkande, kjernesunne og medievande kjendisar i Det sterkeste kjønn og 71 grader nord lar oss blir kjent med akkurat passe av sin genuine personlegdom samstundes som dei tilfører eit kledeleg lag kvardagsmagi og glamour. Som ei gjenfødt stjerne med skandalar lagt bak seg er det kanskje slik realityfjernsynet skal ta spranget inn i vaksenlivet?