Hopp til innhold
Kronikk

Omstridd klimaøkonom

Det er lite entusiasme i miljørørsla over årets Nobelpris i økonomi. Prisvinnaren utfordrar den tradisjonelle klimapolitikken.

NOBEL-PRIZE/ Nobel Prize in Economic Sciences laureate William D. Nordhaus speaks during his Nobel Lecture at Stockholm University

Den amerikanske forskaren William Nordhaus (biletet) meiner at klimaproblemet må handterast innanfor den globale marknadsøkonomien. Det har ført til at han møter kritikk frå den meir tradisjonelle, klimaaktivistiske venstresida, skriv kronikkforfattaren. Her held Nordhaus sitt foredrag i Stockholm i samband med pristildelinga.

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For første gong går det i år ein vitskapleg nobelpris til ein klimaforskar. Eller meir presist: Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel går til den amerikanske klimaøkonomen William Nordhaus (han deler den med ein annan amerikansk økonom, Paul Romer). Den 10. desember, på årsdagen for Alfred Nobels død, blir denne prisen, saman med dei andre vitskaplege nobelprisane, delt ut med pomp og prakt i Stockholms Konserthus.

Trass i at prisen no går til ein klimaforskar, har det vekt lite entusiasme i klimadebatten. Kontrasten til da klimaaktivisten Al Gore og IPCC i 2007 fekk Fredsprisen er dramatisk.

Den gongen skapte det nærast ei folkerørsle omkring klimaproblemet, og Al Gore reiste verda rundt med det som er blitt kalla verdas best betalte lysbildeshow.

Kritiserer klimapolitikken

Noko av forklaringa kan vere, at i motsetnad til Al Gore, er William Nordhaus forskar, ikkje klimaaktivist. Forskinga hans dreier seg rett nok om korleis verda kan få ned utsleppa av klimagassar på mest mogleg fornuftig vis. Men tilnærminga hans er omstridd, og han møter motstand frå to kantar:

Nordhaus er ein uttalt kritikar av «mainstream» global klimapolitikk.

Nordhaus meiner at klimaproblemet må handterast innanfor den globale marknadsøkonomien, mens store delar av den klimaaktivistiske venstresida ser «løysinga» på klimaproblemet i eit enklare liv, redusert forbruk og slutt på den globale marknadsøkonomien. Samtidig er han ein uttalt kritikar av «mainstream» global klimapolitikk som satsar på regulering av dei globale utsleppa gjennom Paris-avtala.

Nordhaus vil vere samd med aktivistane på venstresida i den grunnleggande diagnosen: Det er den økonomiske veksten som ligg bak klimautsleppa og skaper den globale oppvarminga. Men det er den same økonomiske veksten som har skapt den velstand og velferd, framgang i helse, vitskap, kunnskap og teknologi som vårt samfunn nyt godt av, og som resten av verda meir enn gjerne også vil ta del i.

Velferd og klima

Nordhaus´ bidrag til klimavitskapen er at han har forsøkt å modellere samanhengen mellom økonomisk vekst og global oppvarming, og dermed korleis kostnadene til klimatiltak i dag vil påverke balansen mellom global oppvarming og økonomiske vekst. Det er ein balanse, hevdar han, mellom kostnader til klimatiltak i dag og økonomisk vekst som også vil komme framtidige generasjonar til gode i form av auka velferd og mykje større evne og kapasitet til å handtere klimaet i framtida.

Trass i at prisen nå går til ein klimaforskar, har det vekt lite entusiasme i klimadebatten.

Kritikarane hevdar at vi ikkje kan rekne med at den økonomiske veksten vil halde fram – at klimaendringane tvert om vil gjere alle fattigare. Men her repliserer Nordhaus at dei klimamodellane som spår mest global oppvarming nettopp også føreset framhaldande økonomisk vekst.

Skulle den globale økonomien falle saman (som opplagt kan hende), vil også klimaproblemet bli tilsvarande redusert. Det same vil vår (og våre barns) velferd og den fattige verdas utsikter til å nærme seg den velferda som vi i den rike verda i dag nyt godt av.

Kritiserer kvotesystemet

Det er denne balansen mellom klimanytte og kostnader som den miljøaktivistiske venstresida ikkje aksepterer. Det å bruke marknadsmål på kor store kostnader vi i dag må ta for å stanse global oppvarming vert sett på som moralsk forkasteleg.

Kontrasten til da klimaaktivisten Al Gore fekk Fredsprisen er dramatisk.

Samtidig møter Nordhaus´ marknadstenking motstand også frå ein anna kant. Han har alltid vore kritisk til dagens globale klimapolitikk med satsing på regulering og fordeling av nasjonale kvotar for utslepp av klimagassar. Hans alternativ er ei mest mogleg global karbonavgift som skulle innførast gradvis og som etter kvart skulle aukast slik at den reflekterer dei kostnadene som den globale oppvarminga påfører samfunnet.

Dette ville gjere alle varer og tenester som krev bruk av fossil energi dyrare, og dermed påskunde energisparing og utviklinga av alternative fossilfrie energiformer (slik tanken også er med kvotesystemet). Han hevdar at ei slik avgift ville vore mykje enklare å administrere og meir treffsikker enn det kompliserte (og, som det viser seg, mislykka) systemet av internasjonale avtalar for å regulere utslepp gjennom nasjonale kvotar som verda har bygd opp og som aldri har fungert.

Avgifta tilbake til folket

Det finst mange tenkelege måtar å forme eit slik avgiftssystem på. Dagens bensinavgift, for eksempel, går rett inn i statskassa. Det er berre måteleg populært. Andre har tatt til orde for at ei global avgift skulle øyremerkast til å finansiere forsking på utvikling av rein energi.

Det mest innovative, og som Nordhaus har slutta seg til, er å la inntektene av ei slik avgift gå tilbake til innbyggarane som ei rein kontant utbetaling kvart år. Eit slikt system er under utprøving i Canada og Sør-Korea. Det ville ha den doble effekten at det bidreg til å redusere utsleppa, samtidig som gevinsten ved dette reint økonomisk kjem den einskilde innbyggar til gode, og dermed aukar motivasjon for å akseptere klimakostnader. Dessutan ville det verke sosialt utjamnande og gje mest til dei med minst utslepp.

Alternativet er ei mest mogleg global karbonavgift.

Samtidig som Nordhaus får sin nobelpris i Stockholm, møtest alle verdas land i Katowice i Polen for å diskutere oppfølginga av Paris-avtala. Møtet vil bli ein konkurranse om forsterka mål som alle samtidig veit ikkje vil bli oppfylte.

Kanskje er tida inne til å konkurrere mindre om mål og arbeide meir for å skape semje om tiltak som kan ha ein sjanse til å få utsleppa ned.

Her burde statsleiarane kan hende høyre meir på nobelprisvinnaren i Stockholm.