Hopp til innhold
Kronikk

Når kroner talar

Me må alle skjerpa oss for å verna om språket, og det offentlege må gå føre.

Abid Raja pressekonferanse

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja skuffar nynorskbrukarane, skriv kronikkforfattaren. Her er Raja på Regjeringas pressekonferanse i mai om gjenopning av samfunnet

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

Regjeringa vil gi norsk språk lovfesta status og sterkare vern. Men framlegget til kulturminister Abid Raja vil ikkje gje språket det løftet nynorskbrukarane hadde venta av Venstremannen.

Det er på høg tid at me får ei språklov som løftar fram og gjer oss stolte over den språkkulturen og språkrikdommen landet har. Den er diverre utsett i dag, og me fløymer over av engelsk, mens du knapt møter nynorsk i kvardagen.

Servitøren snakkar ikkje lenger til oss på norsk, og menyen me møter ser òg bort frå at me er i Noreg. Det er ikkje lenger sal, det er «sale»: Møta våre skjer nå om dagen på «Zoom» eller «Teams» og ikkje i eit nettmøte. Døma er mange, og dei blir fleire dersom ikkje styresmaktene snakkar tydeleg.

Me fløymer over av engelsk.

Intensjonen med regjeringa sitt arbeid var å gje norsk språk lovfesta status og sterkare vern for å sikra språket som fullverdig og samfunnsberande. Då må regjeringa òg setja kraft bak det, slik me gjer når me ynskjer ei anna utvikling enn det folket lett kan la seg freista til å gjera: «Å trø på gassen meir enn godt er ...»

Men det offentlege har så mange andre verkemiddel – dei kan sjølv gå føre. Lover og reglar er ikkje nok, det viser mållova som har regulert området fram til no. Sentrale styresmakter må stille krav når dei handlar eller gir støtte til gode føremål. Verkemiddel som raskt vil visa igjen og hegna om norsk språk.

Det er sjølvsagt ikkje lett å seia til Freia at dei skal marknadsføre produkta sine på nynorsk, men styremaktene sjølv kan leggja føringar der dei sjølv skal ha andre til å gjera oppgåvene det offentlege sjølv søkjer å få løyst.

Du møter knapt nynorsk i kvardagen.

Kjøper det offentlege undervisingstenester til bruk i skulen, må språkleg likestilling for brukarane vera føresetnaden for å bli vurdert. Det same må gjelda når fylkeskommunen lyser ut eit kollektivtilbod til Ryfylke eller Jæren, og storparten av den oppgåva som skal løysast vender seg til det nynorske kjerneområde.

Slik stoda er i dag, kan nynorskbrukaren berre drøyma om at Røde Kors eller Fotballforbundet sjølv tar språklege omsyn. Kva om Abid Raja hadde med eit krav i tilskotsbrevet om språklege likestilling, slik ei språklov legg opp til. Skal me seia 20 prosent nynorsk i alt utoverretta arbeid?

Staten vil me skal bli organdonorar. Informasjonen frå stiftinga Organdonasjon, som får seks av del vel sju millionane kroner organisasjonen bruker, kjem frå det offentlege (årsmelding 2017). Ingen informasjon er på samisk eller nynorsk. Me må greia oss med bokmål, engelsk, polsk, somalisk og litauisk.

Det er på høg tid at me får ei språklov som gjer oss stolte over språkkulturen og språkrikdommen landet har.

Stortingsrepresentant Stefan Heggelund sa nyleg på Språkteigen at alle må kunna forventa å få bruka og sjå sitt eige språk i alle samanhengar. Det gler meg, men det handlar om meir.

Me må alle skjerpa oss og bry oss om det som er den viktigaste identitetsmarkøren vår, nemleg språket vårt – og det må vera rundt oss i kvardagen vår.