NRK Meny
Kommentar

Merkels seige triumf

At nokon meiner EU aldri burde fått fredsprisen strir mot Angela Merkels livserfaring. Sjølv om også ho nok var overraska over tidspunktet, skriv NRKs kommentator Knut Magnus Berge.

Angela Merkel

Angela Merkel vil neppe ta seg nær av at nokon demonstrerer mot fredsprisen ho kjem for å feire, skriv Knut Magnus Berge.

Foto: VIRGINIA MAYO / AP

Ho er den nye europearen. Litt vest, men mest aust. Fødd i etterkrigstidas utbomba Hamburg i Vest-Tyskland, men oppvaksen i småbyen Templin i DDR. Faren hennar var prest og meinte han hadde eit kall i den nye kommuniststaten. Slik enda familien med å krysse Jernteppet den motsette vegen av dei fleste andre.

For Angela Merkel personleg skulle den nyvunne fridomen kome til å endre på alt.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Eg har vore i Templin, som ligg nokre mil nord for Berlin og snakka med hennar gamle lærar. Hans Ulrich Beskow kunne fortelje at ho også som ung var nøktern, politisk interessert og uvanleg evnerik.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Doktorgraden i teoretisk kjemi blei tatt ved Universitetet i Leipzig i 1986. Ho var godt i gang med karrieren som forskar i Berlin då revolusjonsåret 1989 skulle kaste om på det meste.

«Ossie» i vest

Natt til 10. november 1989, er 34 år gamle Angela Merkel ein av mange austberlinarar – «ossies» – som tar seg over grenseovergangen ved Bornholmer Strasse, og inn i vest-Berlin. Ho ender opp i ei leilegheit i bydelen Wedding hos framande «wessies». Ho får seg ei øl, luktar litt på fridomen, før ho ruslar tilbake til leiligheta i aust. Heller ikkje ho kan ane at spaserturen over Bornholmer Brucke endar med tysk samling året etter, og til slutt medlemskap i EU for dei tidlegare kommunistlanda i aust.

For Angela Merkel personleg skulle den nyvunne fridomen kome til å endre på alt. No kunne ho drive politikk, og ho steig raskt i gradene. Ho heldt fleire ministerpostar under Helmut Kohl og erobra den kristelegdemokratiske partitrona i år 2000 (etter å ha utmanøvrert eit heilt bærlag av mannlege konkurrentar).

ALT OM NOBELPRISEN: Se NRKs samleside

Tredje valsiger?

Førre helg ruslar eg langs Am Kupfergraben, ei gate i bydelen Mitte i Berlin, rett over elva for den historiske museumsøya. Utanfor ein av dei eldre bygardane står to politifolk vakt. Ellers er det ingenting spesielt å sjå. Det er her ho bur, på austsida av traseen der muren i si tid delte Berlin, Tyskland og Europa. Bygarden er som dama, nøktern og ikkje særleg prangande.

Mellom leiligheta i Am Kupfergraben og kanslerkontora går paradegata Unter Den Linden, der tyske soldatar marsjerte ut i to verdskrigar i forrige århundre.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Eit par kilometer lenger vest, på andre sida av murtraseen ligg kanslerkontora. På folkemunne i Berlin kallast det modernistiske komplekset «Vaskemaskina». Kanslerkontora er nok meir prangande, men dei var påbyrja og fullført under Merkels noko meir breisle forgjengarar.

Det er herifrå ho har styrt Tyskland – og Europa – sidan 2005. Og dersom ikkje eit politisk jordskjelv skulle finne stad, vil kjemikaren frå Templin også bli å finne i «Vaskemaskina» etter valet i Tyskland neste haust.

Europas svarte hundreår

Mellom leiligheta i Am Kupfergraben og kanslerkontora går paradegata Unter Den Linden, der tyske soldatar marsjerte ut i to verdskrigar i førre hundreår.

Hadde ho spasert til jobben kunne ho kasta eit blikk til venstre ved Brandenburger Tor. Då ville ho sett monumentet over Europas myrda jødar, som berre ligg eit steinkast frå bunkeren der Hitler tok sitt liv. Rett fram ville ho kunne skimte Sigessaule, minnesmerket etter den fransk-preussiske krigen i 1871.

LES OGSÅ: Demonstrerer mot at EU får prisen

Fredsprosjektet

Det er i eit slikt perspektiv Angela Merkel ser EU.

I hennar verd er unionen eit fredsprosjekt etter to verdskrigar – og ein kald krig – på mindre enn hundre år. Ho veit kor langt inne det sat for andre europearar berre å snakke med tyskarane, den gongen den franske spritselgaren Jean Monnet teikna grunnmuren til det som i dag er blitt Europaunionen.

Angela Merkel vil neppe ta seg nær av at nokon demonstrerar mot fredsprisen ho kjem for å feire.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Den diplomatiske frispelarens kongstanke var at ein måtte bringe overnasjonal kontroll med dei viktigaste råvarene frå krigane og våpenproduksjonen. Sidan Kol- og Stålunionens seks medlemsland er den europeiske integrasjonen gradvis blitt utvida.

Det store spranget austover kom i 2004. I dag omfattar EU 27 medlemsland på begge sider av det jernteppet Angela Merkel vaks opp bak.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Hatobjekt

Angela Merkel er ingen romantikar – ho står til knes i krise og utfordringar. Ho er langt frå nokon engel – på dei greske demonstrantanes plakatar er ho iført nazi-uniform og får skulda for å presse gjennom dei innsparingane som sender stadig fleire søreuropearar ut i arbeidsløyse og sosial nød. Ho har vist seg steil i forhandlingane om vilkåra for krisepakkane som er meint å skulle bøte på elendet.

Angela Merkel vil neppe ta seg nær av at nokon demonstrerer mot fredsprisen ho kjem for å feire. For prestedottera frå småbyen Templin i DDR er i dag Europas dominerande politiske leiar, og ingen får rokke på hennar overtyding om at EU er ein verdig fredsprisvinnar.