Hopp til innhold
Kronikk

Made in Norway– eit moderne folkeeventyr

Askeladden er ur-nordmannen. No er det tid for å hente han og henne fram.

Vindkraft

Berekraft kan bli det nye Made in Norway. Vi er eventyraktig forsynt med naturressursar, olje, gass, vatn, mineral, vind, fisk …, skriv NHO-ptresidenten i sin kronikk.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Det vi gjer no, gjer vi for dei som kjem etter oss. Kva blir våre barnebarns dom over dei val vi tek i dag? Ein kan ikkje vedta å lykkast. Eit verkeleg skifte, som skaper ei berekraftig framtid for komande generasjonar, krev noko meir av oss.

Omstilling krev erkjenning av tilstanden og innsikt i årsakene. Det krev mot og dristigheit, nye rammevilkår og strukturar som legg til rette for endringa vi ønskjer. Omstilling krev tankekraft og nye former for samarbeid, og genuin vilje til å tenkje annleis i møte med radikalt nye utfordringar. Og kanskje viktigast av alt, evne til gjennomføring. Alt dette må på plass om arven etter oss skal bli at vi fylte det grøne skiftet med innhald.

Nordmenn før oss har vore vilt visjonære, oppsiktsvekkande effektive og særs kompetente. Det er desse evnene og kreftene som har ført oss hit, på toppen av fleire av verdas viktigaste statistikkar. Det har gjort Made in Norway til noko verdsett og noko vi kan vere stolte av.

Nordmenn før oss har vore vilt visjonære, oppsiktsvekkande effektive og særs kompetente.

Og det har skjedd raskt: Spør ein nordmann fødd i fyrste halvdel av 1900-talet om ho som ung såg for seg oljen og full sysselsetting, dagens velstand, sikkerheitsnetta, barnehageutbygginga, likestillinga. Neppe. Vi var blant Europas fattigare, 100 år seinare er vi blant verdas rikaste og høgst utdanna. Enkelt sagt er vi rimeleg gode på omstilling.

Det er måten vi gjentakande gongar omstilte oss i møte med nye utfordringar og oppdagingar, vi har å takke for det som er Made in Norway i dag. Vi har alle føresetnader for å lykkast no.

Berekraft må bety konkurransekraft

Vi må skape framtidas arbeidsplassar, og dei må sikre velferdsgoda våre utan å øydelegge miljø og klima. Berekraft har lenge vore eit moteord, eit smykke på konferansar. Men no skjer ting fort. Framover må berekraft bety konkurransekraft. Dei som fylgjer med i timen, kan overleve og vekse.

Kva motiverer oss eigentleg til endring? Djupast ønskjer vi at borna skal arve mogelegheitene, mogelegheiter vi enno ikkje veit kva er. Vi ønskjer å etterlate oss ei grønare verd å vekse opp i. Dersom ikkje Norge og norsk næringsliv klarer det, kven skal då greie det? Vi er Naturnasjonen. Energinasjonen. Havnasjonen. Industrinasjonen. Og Kompetansenasjonen, med høgt utdanna befolkning og eit høgt kvalifisert næringsliv.

Vi har alle føresetnader for å lykkast no.

Det er litt som det var med Askeladden. Kva gjorde han då kongen bad om å få eit skip som kunne gå like fort til vanns som til lands (les: det grøne skiftet). I møte med kongens dødsdom av nokre hindringar, som å halde ut kulde, overleve varme og reise til verdas ende, gjekk Askeladden på med krumma nakke. Han hadde eitt mål, og var uredd i kampen for å nå det.

Han var nysgjerrig og open på korleis få det til. Han kjende sine eigne manglar og samarbeidde med folk med evner han sjølv mangla. Han bygde stein på stein, og han vann kjærleiken og rikdommen. Det ligg ei banal, men viktig innsikt her. Askeladden er ur-nordmannen. No er tida moda for å hente han og henne fram.

Eit oppkome av ressursar

Kva er den nye oljen, vert det spurt heile tida. Laksen? Vindkrafta? Vasskrafta? Hydrogen-innovasjonar? Offshoreteknologi som utvinn mineral på havbotnen? Skog brukt til oppdrettsfôr? Algar som både et CO₂ og blir til mat? Nei, den nye oljen finst ikkje. Den nye oljen er summen av alt vi har, alt vi kan, alt vi er på gong med, og korleis vi sett det saman og satsar, for å skape det vi enno ikkje veit noko om.

Berekraft kan bli det nye Made in Norway. Vi er eventyraktig forsynt med naturressursar, olje, gass, vatn, mineral, vind, fisk osv. Vi har allereie nesten 100 prosent fornybar elproduksjon. NHOs Årskonferanse 5. januar 2017 handlar om korleis vi saman skal få ut dette norske potensialet for ei grønare framtid.

Den nye oljen er summen av alt vi har, alt vi kan, alt vi er på gong med, og korleis vi sett det saman og satsar, for å skape det vi enno ikkje veit noko om.

Spør ein 17-åring i dag om framtidsplanane. Antakeleg er ho uroa for at den globale temperaturen aukar i takt med utsleppa. Men på trass av uroa, er det nesten alltid optimisme i born og ungdom. Dei drøymer om det beste. Dei treng berre at vi skal gi dei mogelegheitene – med eit fotavtrykk dei kan leve i. Det grøne skiftet er for desse, og alle som kjem etter dei.

Som foreldre kan du lære borna dine om verdien av naturen og inspirere til nysgjerrigheit og entreprenørskap. Som lærar kan du inspirere elevane dine til å sjå ei framtid i teknologi- og realfag. Som leiar kan du sørge for at bedrifta di utviklar og tek i bruk klimavennlege løysingar. Som politikar må du ha mot til å satse og evne til å sjå at framtidas verdiar og velferdsgode allereie no må skapast på nye måtar. Då kan vi på slutten av kvelden seie: Vi gjekk på jobb for å skape ei grønare framtid for dykk. Made in Norway.

FØLG DEBATTEN: Facebook og Twitter