NRK Meny
Kronikk

Lærdomen frå Lærdal

Det er på tide å legge vekk trua på at tilbod lenger vekke frå folk gjev betre tenester og auka tryggleik.

lærdal

Til saman 35 hus vart totalskadde i storbrannen på Lærdalsøyri natt til 19. januar i år. Men ingen liv gjekk tapt, og innsatsen til brannfolk, helsearbeiderar og politifolk, forsvarspersonell, Raudekrossen og andre friviljuge synar styrken i lokal vernebuing, meiner kronikkforfattaren.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Fredag 22. juli 2011 klokka 15.25 eksploderer ei bombe i Regjeringskvartalet i Oslo. Oslo-politiet sin operasjonssentral fekk i minuttane etterpå både signalementet på gjerningsmannen og kjenneteiknet på bilen han køyrde bort frå åstaden i. Operasjonsleiaren sette stab og hadde fokus på mange oppgåver. Bilen vart ikkje etterlyst. Litt før klokka 16.30 var gjerningsmannen framme ved landssida aust for Utøya.

I august året etter la den såkalla Gjørv-kommisjonen fram ein systemkritisk rapport om det som gjekk gale denne dage. Kommisjonen dokumenterer at med ei rask etterlysing av bilen, kunne og burde gjerningsmannen vore stoppa før han kom fram til Utøya.

På plass på minuttar

Laurdag 18. januar 2014 klokka 22.53 vert det varsla brann i ein bustad på Lærdalsøyri til brannalarmsentralen i Sogn og Fjordane. Seks minuttar seinare var første brannbil framme (Lærdal har ikkje heiltids kasernert brannvern, men deltidsmannskap og friviljuge). Politi og helsevesen vart varsla. Det vart slått alarm i brannvesenet i nabokommunane i Indre Sogn og etter kvart i nabokommunar i Buskerud, Oppland og Hordaland. Evakuering vart raskt sett i verk. Sjukehuset og politiet kalla inn ekstra mannskap. Sivilforsvaret, Heimevernet, Røde Kors Hjelpekors, bønder med gyllevogner og andre friviljuge gjorde ein framifrå jobb under ekstremt vanskeleg forhold. I tillegg til svært sterk vind, førte brannen til at både straumforsyning og mobildekning braut saman.

Dei brukte sine kunnskapar og sunne fornuft samt mobiliserte alt dei hadde av krefter og innsats.

Steinar Ness

Så langt tyder det meste på at dei som stod opp i og handterte situasjonen gjorde jobben sin godt. Dei brukte sine kunnskapar og sunne fornuft samt mobiliserte alt dei hadde av krefter og innsats. Folk kjempa mot flammene til sjukehussenga var neste stopp. Samarbeidet på tvers av etatar, kommunegrenser og fylkesgrenser fungerte fordi dette vart bygd nedanfrå ut frå praktisk erfaring, lokal kunnskap, øving, samordning og samarbeid.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Robust og ikkje-robust

Store materielle verdiar gjekk med i flammehavet, men ingen liv gjekk tapt. Brannane i Lærdal, på Flatanger og Frøya viser kor sårbare me er. Naturkreftene hindrar ofte helikopterinnsats. Ny teknologi er fantastisk når den verkar, men også sårbar.

Me treng både betre utstyr til og betre opplæring av «ikkje-robuste» deltids- og friviljuge brannmannskap utover landet. Det må øvast meir og samarbeidast meir på tvers av etatar og grenser.

Erfaringane frå 22. juli er at sjølv om permar og papirdokumentasjon er i orden, fører ikkje det utan vidare til at folk gjer ein god jobb.

Steinar Ness

Kanskje er heller ikkje alle permar og analyser i Lærdal og andre «ikkje-robuste» kommunar fullkomne. Men erfaringane frå 22. juli er at sjølv om permar og papirdokumentasjon er i orden, fører ikkje det utan vidare til at folk gjer ein god jobb.

Kva lærdomar tek direktorat, departement og nasjonale styringsmakter av det som fungerer og det som ikkje fungerer? Eg meiner både Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap er på feil veg i ordgyteriet om behovet for «robuste einingar». Me er mange som meiner samfunnet må byggjast nedanfrå, me må styrke det som fungerer bra, tenkje nytt og ta i bruk ny kunnskap og ny teknologi for å forbetre og skape meir tryggleik. Men direktorata sit fastgrodd i gamaldags skrivebordstenkjing om sentralisering som fasitsvar på alle utfordringar.

Gjørv-kommisjonen brukar ikkje ordet 'robust' som eit trylleformular.

Steinar Ness

Gjørv-kommisjonen brukar ikkje ordet «robust» som eit trylleformular. Kommisjonen skriv i rapporten sin: «Etter kommisjonens mening handler disse lærdommene i større grad om leiing, samhandling, kultur og holdninger – enn mangel på ressurser, behov for ny lovgiving, organisering eller store verdival. Sist, men ikke minst: 22. juli viste med all tydelighet hvordan enkeltpersoner kan utgjøre en stor forskjell. Kommisjonen mener at tiltakene som anbefales, vil gjøre samfunnet og enkeltpersonar bedre i stand til å møte framtidige utfordringer. De kommer. Derfor er det viktig å ta tak i de grunnleggende utfordringene. Det haster».

Misbruk av rapportar og hendingar

Stortinget si handsaming av Gjørv-kommisjonen var skuffande. Fokuset på konstitusjonelt ansvar skapte naturleg nok stor merksemd og mykje støy. Spørsmålet om lærdomar i forhold til organisering og leiing kom i bakgrunnen. Dagens regjeringsparti ville ikkje vere med på felles merknader om framtidig organisering av politi og beredskap i samsvar med konklusjonane frå Gjørv-kommisjonen.

Eg trur ikkje nokon i Lærdal hadde tid til å informere folk bak skrivebord langt unna om korleis stoda var, for deretter å iverksetje stabsforankra avgjerder om korleis kastevindar og anna skulle handterast.

Steinar Ness

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap brukte høyringa i Stortinget til å argumentere for færre brannvesen. Seinare misbrukte dei Gjørv-kommisjonen sin rapport til å argumentere for sentralisering av alarmsentralane for brann (110). Direktoratet var dessutan raskt ute for å misbruke tragedien i Lærdal som eit argument for samanslåing av alarmsentralar. (Det er seinare beklaga).

Ein brannsjef i Bergen meinte dei kunne sett stab og vore til hjelp for brannmannskapa i Lærdal. Operasjonsleiaren i Oslo politidistrikt var 22. juli 2011 nettopp oppteken med å setje stab då gjerningsmannen fekk køyre uhindra til Utøya. Eg trur ikkje nokon i Lærdal (om dei hadde hatt samband med Bergen denne natta) hadde tid til å informere folk bak skrivebord langt unna om korleis stoda var for deretter å iverksetje stabsforankra avgjerder om korleis kastevindar og anna skulle handterast. Mannskap frå Indre Sogn, Vang og Fagernes i Oppland, Hemsedal og Gol i Buskerud samt Voss i Hordland har alle kortare veg til Lærdalsøyri enn brannvesenet i Bergen.

Politianalysen frå i fjor tilrår sentralisering av politiet og meir «robuste» einingar som svar på dei viktigaste utfordringane. Behovet for «robuste» einingar går også igjen i debatten om samanslåing av kommunar.

For seint når huset er brent ned

Me som bur i område av landet der det er store avstandar veit at det tek tid å få fram «profesjonell hjelp» når ulukka er ute. Derfor mobiliserer samfunn som Lærdal samfunnet sin sosiale kapital i 1. linje tenesta. Brannar vert sløkt av friviljuge brannmannskap før dei profesjonelle kjem fram. Friviljuge med kompetanse på bruk at hjartestartar er på plass før ambulansehelikopter når fram, og dei gjev livreddande førstehjelp. Synlege autoritetspersonar som har sitt arbeid i politiet, gjer også gjennom si deltaking i det sivile samfunn ein framifrå innsats for å førebyggje kriminalitet.

Finn fram noregskartet!

Steinar Ness

No må direktorat, departement og styringsverk legge vekk trua på at tilbod lenger vekke frå folk gjev betre tenester og auka tryggleik. Finn fram noregskartet og legg vekk teoretiske økonomiske analyser.

Det hjelp ikkje å kome fram med profesjonelle folk og framifrå utstyr, når huset er brent ned.