NRK Meny

Kven er tidstjuvane?

Lærarane må rydde sin eigen pult. Dei største tidstjuveria står vi truleg for sjølve.

Lærer og elev ved tavlen.

«Meir tid til mi kjerneoppgåve – møta med elevane mine – det har ikkje prosjektgruppa klart å finne», skriv lærar Ane Aarre i denne kronikken.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Kronikkvignett Ytring

Vi lærarar har i mange år klaga over alle tidstjuvane i skulen. I eit forsøk på å fange desse tjuvane, har KS i samarbeid med Kunnskapsdepartementet gitt ei gruppe oppdrag om å utforme ein rapport som vart levert førre veke. Det er andre gong på fem år at eit utval har prøvd å gjere greie for kven tjuvane eigentleg er. Etter å ha lese rapporten er det for meg framleis ganske uklart.

No har eg heller aldri vore så glad i ordet «tidstjuv». Det skaper eit bilete av at det er nokon i skuggane som driv og tar ting frå oss lærarar. Sanninga er jo at vi alle, i fullt dagslys gjennom demokratiske prosessar, har blitt samde om at det bør vere ein del rettar og plikter i skulen. Det er ein god ting at vi så kan vite om oppdraget vert utført slik vi ønskjer det.

Kva skal ut?

For det er dokumentasjon og rapportering vi held fram som dei store tidstjuvane i skulen. Og det går heilt riktig ein god del tid med til det. Men det er litt tankevekkande at viss vi som lærarar vert utfordra, så har vi få, om nokre, forslag til kva det er som må ut.

Er desse tidstjuvane vi kjemper mot eigentleg berre vindmøller?

Ane Krogsæter Aarre, lærar

Få forslag er det òg i den nyleg framlagte rapporten. Og av dei forslaga som finst, er det igjen få som eigentleg har med min arbeidskvardag å gjere.

Meir tid til mi kjerneoppgåve – møta med elevane mine – det har ikkje prosjektgruppa klart å finne. Og når det andre utvalet på rad ikkje klarer å peike på noko som verkeleg monar, da trur eg tida er inne for å stille spørsmålet: Er desse tidstjuvane vi kjemper mot eigentleg berre vindmøller? Kan det vere at tidstjuvar berre har blitt ei førestilling som vi rettar all merksemd mot slik at vi ikkje ser og diskuterer dei eigentlege problema? Har det kanskje blitt ei retorisk kvilepute for ein nedsnakka lærarstand?

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Dårleg skuleleiing

I den grad det finst tidstjuvar i skulen, vert eg stadig meir overtydd om at dei største tjuvane er oss sjølve. Måten vi arbeider og samarbeider på, og kanskje ikkje minst det vi ikkje samarbeider om, er etter mi meining dei områda der det ligg størst potensial til å frigjere meir tid. Slik sett er kanskje den største tidstjuven dårleg skuleleiing. I så fall treff rapporten ganske godt, for dei fleste tiltaka som vert foreslått verkar å først og fremst lette arbeidet til dette nivået.

Kanskje det er her nøkkelen ligg for at vi skal få meir tid til med elevane våre? At skuleleiarane får tid til pedagogisk leiing. Har dei det, kan dei kanskje hjelpe oss til å arbeide på smartare måtar.

Baktung praksis

Saman med skuleleiinga må vi ta delansvar for ein heil del tidskrevande arbeidsformer. Til dømes har vurderingspraksisen vår etter kvart har blitt ganske baktung. Vi nyttar vekevis av årsverka vår på vurdering av læring. Det er nesten ikkje grenser for kor mykje av elevane si fritid, verdifull undervisingstid og våre kveldar og helger som går med til førebuing, gjennomføring og vurdering av prøver som vi så i lita grad nyttar for å forme det vidare læringsløpet til elevane. Denne tida må det nødvendigvis gå an å lure litt meir læring ut av.

Vi ville vore tente med at skulane i større grad fekk gjere vurderinga.

Ane Krogsæter Aarre, lærar

Rapporten viser at mange lærarar ikkje opplever at tida som vert nytta til undervegsvurdering står i forhold til nytteverdien. Dokumentasjonen av undervegsvurdering tilfredsstiller først og fremst dei føresette sine behov, meiner mange. I den samanhengen vert det stilt eit godt spørsmål: «Finnes det andre måter å sikre godt vurderingsarbeid på, som ligger mellom ytterpunktene kontroll (dokumentasjon) og tillit?» Svaret er etter mi meining ja, gjennom samarbeid mellom lærarar og leiarar på den enkelte skule.

Elevane først

Samstundes er det sjølvsagt tilfelle at det kjem nokre oppgåver frå ovan som vi godt kan ta bort. Sjølv arbeider eg i ein kommune der vi med fordel kunne sett litt på omfanget av pålagte kartleggingar og prøver. Eg trur vi ville vore tente med at skulane i større grad fekk gjere vurderinga av kva det er verd å prioritere. Viss vi tillét oss å ta funksjonærrolla, da lar vi behova til nivået over oss og ikkje omsynet til elevane våre, rå over tida vår. Alle nivå i skulen meiner sjølvsagt at dei tener elevane, men til sjuande og sist er det vi som er dei nærast.

Vi lærarar har etter kvart blitt så trena i å skulde på tidstjuvar at vi kanskje ikkje alltid ser vårt eige handlingsrom.

Ane Krogsæter Aarre, lærar

Lokal handlefridom må nødvendigvis koste noko når vi samstundes er samde om at alle skal få eit likeverdig tilbod. Prisen er tida det tar å drive forsvarleg målstyring. Stort sett tener vi på det. Unntaka er dei gongane vi brukar tid på å prøve å måle ting som ikkje lar seg måle.

Få ting er viktigare enn korleis ein forvaltar den viktigaste tellelege ressursen i skulen: lærarane si tid. Men både lærarar og skuleleiarar har etter kvart blitt så trena i å skulde på tidstjuvar og høgare makter at vi kanskje ikkje alltid ser vårt eige handlingsrom. No har nivå over oss lova å rydde litt for oss, men størstedelen av pulten vår må vi nok ta ansvar for å rydde sjølve, saman med skuleleiinga.