Hopp til innhold
Kronikk

Krise i Egypt: Korleis kom vi hit?

I ein ny dramatisk dag for Egypt, er det framleis uklart korleis denne krisa vil bli løyst, og om Egypt står på randa av borgarkrig.

Kairo, Tahrir, juli 2013

Protestane mot president Mohamed Morsi heldt fram på Tahrir-plassen i Kairo onsdag – uforminska i styrke.

Foto: Amr Nabil / Ap

Til forskjell frå førre gong i 2011, er det nå store demonstrasjonar på begge sider, for og mot regjeringa. Eit tjuetal har alt mist livet dei siste dagane, og det er fare for at det kan komme ut av kontroll. Mange peiker på hæren som den einaste som kan skilje partane og hindre vidare valdsbruk, men frykta for nytt militærstyre er også utbreidd.

Hæren sette ein tidsfrist til i dag for partane, les presidenten, til å finne ei løysing, elles ville dei sette i verk sitt «vegkart», som ifølgje avisa al-Ahram betyr at presidenten blir sett av, den nye grunnlova sett til sides, og nyval halde etter at nye vallover er sett på plass.

Presidenten og hans Muslimske Brorskap kallar det statskupp, og vil ikkje gå frivillig. Korleis kom vi hit?

Regimet og Brorskapet

Brorskapets kanskje viktigaste politiske feilsteg kom rett etter revolusjonen, da dei stod fram som den sterke parten, saman med ei rekke liberale og sekulære krefter på ei side, og ei ny konservativ islamistisk, salafistisk, rørsle på den andre. Dei liberale stilte seg raskt i opposisjon til det nye sterke partiet, mens salafistane la seg meir taktisk tett opp til Brorskapet, trass i at deira mål om islamisering gjekk mykje lengre enn Brorskapets. Etter å ha vingla, fall Brorskapet derfor stadig oftare ned på å støtte seg på salafistane, noko som skremte mange av deira opphavlege veljarar. Hadde dei i staden makta å danne ein moderat allianse «over midten» med delar av dei liberale, hadde vi stått i ein annan stad enn i dag.

Hadde Brorskapet i staden makta å danne ein moderat allianse «over midten» med delar av dei liberale, hadde vi stått i ein annan stad enn i dag.

Knut S. Vikør, professor

Etter kvart kom Brorskapet klart til å vise meir og meir maktarroganse og uvilje til å komme opposisjonspartia i møte. I det har opposisjonen rett: Brorskapet har vore seg sjøl nok, og ikkje tatt omsyn til at Egypt er eit nytt demokrati som treng tverrpolitisk samarbeid for å bygge dei nye institusjonane.

Men også opposisjonen har vore lite samarbeidsvillige, ikkje minst fordi dei fryktar «hertuginners famntak»; å bli slukt av storebror. Brorskapet har på si side rett i at dei har faktisk vunne alle val som har vore halde, val som vel var så rettferdige og frie som det var mogleg under forholda. Dei har opplagt demokratisk legitimitet.

LES OGSÅ: Kven kan redde Egypt

Har så Brorskapet «invadert» staten og laga ein «brorskapsstat» som vil påtvinge sharia på alle egyptarar, slik mange i opposisjonen hevdar? Det er sentralt for kravet om ein «ny revolusjon», altså at ein ikkje kan vente til neste normale presidentval om tre år. Det kjem nok noko av auga som ser, dei har prøvd bruke makta si. Men det mest rimeleg å si nei, det har ikkje vore nokon massiv invasjon av brorskapsfolk i staten. Nokre formuleringar om sharia i den nye grunnlova vart styrka, men sharia er ikkje «innført» i Egypt.

Brorskapets feil har derfor vore at dei verkar som eit maktsjuk partiapparat som vil konsolidere si eiga stilling, dels i samarbeid med andre islamistar og salafistar. Interessant nok har det største salafist-partiet Nur tatt avstand både frå Morsi og frå opposisjonen, og fleire salafistar har i det siste slutta seg til dette.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Opposisjonen

Opposisjonen går frå venstreorienterte sosialistar til moderate islamistar, men protestane går langt ut over desse små partia, som også truleg ikkje er sameint i stort meir enn motstand mot Brorskapet og at Morsi skal gå av. Det er like mykje ein sosial og økonomisk protest. Folk forventa at når Mubaraks korrupte regime forsvann skulle dagleglivet bli betre.

Det er like mye ein sosial og økonomisk protest. Folk forventa at når Mubaraks korrupte regime forsvann skulle dagliglivet bli bedre.

Knut S. Vikør, professor

Det motsette skjedde, revolusjonen førte til stillstand som ein ikkje har komme over ennå, derfor vender protesten seg mot dei som nå er ved makta. Dette var nok forventa og vil ramme kvar ein som sit med regjeringsmakta, sidan forventningane til folk flest var skyhøge og truleg umogeleg å oppnå.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Hæren

Hæren ser altså nå til å sitje med nøkkelen. I grunnen var Egypt militærstyrt heilt frå 1952 til 2012, men eit av Morsis vellykka trekk var å kvitte seg med generalsjiktet frå Mubarak og forfremme ein yngre generasjon, som var meir tilbakehalden med å blande seg så lenge dei fekk ha sine økonomiske privilegium i fred (noko dei fekk). Dagens hærsjef Sisi har også islamistiske sympatiar, til dømes brukar kona hans niqab, noko som framleis er ganske sjeldan i Egypt, og særleg i hans kretsar.

Politiet har vore langt meir politisk markert, og ser nå ut til klart å ha tatt stilling for opposisjonen. Dei har vore passive det siste året, noko som har bidratt til aukande samanbrot i dagleglivet, både med aukande seksuell trakassering og forfølging og lynsjing av religiøse minoritetar, utan at politiet har blanda seg inn. For nokre revolusjonære gir det ein vond smak at dei nå står saman med Mubaraks bøllar.

Brorskapet har gode sjansar til igjen å bli største parti i val, om ikkje opposisjonen klarer å samle seg politisk. Men det kan bli salafistane som rakar kastanjane ut av elden i neste valomgang.

Knut S. Vikør, professor

Vegen fram er altså framleis uklar. Brorskapet kan mobilisere langt fleire ut i gatene enn vi har sett nå, men vil dei prøve frontalangrep på militæret? Det har aldri vore deira tradisjon, meir avtalar på bakrommet. Men deira tilhengarar vil ha eit stort raseri om deira demokratiske seier blir sett til sides av dei militære. Opposisjonen er på hogget og vil ikkje godta noko anna enn nettopp det. Hæren må derfor velje mellom balanse eller konfrontasjon.

Eit raskt val kan dempe gemytta, sidan Brorskapet jo veit at dei framleis er Egypts best organiserte parti, og har gode sjansar til igjen å bli største parti i val, om ikkje opposisjonen klarer å samle seg politisk. Men det kan bli salafistane som rakar kastanjane ut av elden i neste valomgang.