Hopp til innhold
Kronikk

Fire magre år for unge bondespirer

Med blå-blå landbrukspolitikk er ein ugift bonde min einaste, realistiske sjanse til å drive eigen gard.

Lyngen i Troms

Gardsmiljø har ofte mange ferievennlege verdiar: nærleik til utmark, eit godt opparbeida tun, veg heilt fram til huset.

Foto: Ravi Kappel/Colourbox.com

For eit drygt halvår sidan kunngjorde eg gjennom NRK Ytring sin kronikkonkurranse at eg ville nytte livet på å drive gard. Framleis har eg eit autosøk liggjande på finn.no kor det med jamne mellomrom tikkar inn gardsbruk til sal.

Med andre ord var det landbruksdelen eg med skjelvande fingrar bladde meg fyrst fram til i Sundvollen-erklæringa førre måndag.

Gløym pressekonferanse og store ord. Samarbeidsavtalen hadde sagt lite. No gjaldt det: kva seier den nye regjeringa om bu- og driveplikta? Eg trakk pusten – og den forsvann.

Les også: Den norske bonden er lite opprørsk

Venta med investering

I mai fullførte eg stolt agronomutdanninga mi. Arbeidslysta formeleg sprengde ut av armar og bein – takk og farvel til klasserom og teoriundervisning, på tide å sette kunnskapen ut i praksis.

Sylvi Listhaug sine tidlegare samanlikningar av mat- med sofaproduksjon tyder ikkje på veldig djupe røtter i jordbruket.

Siri Helle, agronom

Eg kjem ikkje frå gard, har ikkje odel. Men jobb på gard venta, litt praksis i trygge, investeringsfrie omgjevnader før eg på alvor gjekk ut i marknaden og byrja leitinga etter mitt eige bruk.

Det kan komme til å vise seg at eg skal både angre på og vere lukkeleg for den ventetida.

Bufast gardsdrift

Regjeringserklæringa hevdar forenkling av lover, reglar og stønadsordningar vil betre rekrutteringa til landbruket. Eg skal gje dei rett i at skjemaveldet ikkje nett er det framtidsbiletet eg målar størst og oftast på veggen framfor meg. Ein gjennomgang er nok ein god ide. Spørsmålet er likevel om det vert nokre søkarar att i andre enden.

Plikta til å bu, til å drive og til å oppfylle ein konsesjon handlar ikkje om råderett over eigen eigedom. Det handlar om å forvalte eit felles gode: matjorda vår. Eit gode du som bonde deler ikkje berre med dei du lever saman med.

Du deler den i takksemd med bøndene før deg som har tatt vare på og forbetra jorda, skogen og bygningane. Du deler den i respekt og ansvar med svoltne småtroll, prinsesser, kårkallar og grisungar som skal kome.

Full perspektivmangel

Dette er langt frå slik periodepolitikarar er opplært til å tenkje. Men det er slik ein lyt forvalte ein sakte på grensa til ikkje-fornybar ressurs: matjorda vår.

Kanskje er byvekst og firefeltsvegar det mest populistiske regjeringa kan nytte matjorda til nett no. Eller kanskje ikkje: 91 prosent av innbyggjarane i Sandnes kommune meiner eit aktivt jordvern er «veldig viktig».

Siri Helle, agronom

Kanskje kunne ein håpe at ein landbruksminister med odelsrett hadde lengre perspektiv. Sylvi Listhaug sine tidlegare samanlikningar av mat- med sofaproduksjon tyder likevel ikkje på veldig djupe røter i jordbruket.

Den fulle perspektivmangel i den nye landbrukspolitikken kjem likevel til uttrykk i formuleringa «Ta vare på god matjord, men balansere jordvernet mot storsamfunnets behov». Igjen saknar uttrykket sårt eit tidsperspektiv.

Vilje til vern

Kanskje er byvekst og firefeltsvegar det mest populistiske regjeringa kan nytte matjorda til nett no. Eller kanskje ikkje: Sandnes er Noregs raskast veksande by. I den byen bur det 51,4 prosent Høgre- og Frp-veljarar.

Ei undersøking utført av Høgskulen for landbruks- og bygdenæringar syner at 91 prosent av innbyggjarane i Sandnes kommune meiner eit aktivt jordvern er «veldig viktig». 56 prosent seier det er viktigare enn bustadbygging, berre sju prosent prioriterer hus framfor jord. Kven er det sine behov regjeringa då vernar?

Så langt det ideologiske perspektivet. Over til det konkrete: Norsk hytteappetitt verkar å langt overgå svoltkjensla vår. Det å bu eller feriere i eit gardshus er attraktivt for langt fleire enn det å drive garden.

Gardsmiljø har ofte mange ferievennlege verdiar: nærleik til utmark, eit godt opparbeida tun, veg heilt fram til huset. Unge bondespirer med studielån og investeringsplanar vil aldri kunne konkurrere med veletablerte, gjeldsfrie hyttekjøparar.

Bondeanger

Garden eg jobbar på ligg på Handnesøya i Nesna kommune på Helgelandskysten. Midt i ein morenerygg er det frodigare enn vi klarar å kontrollere sommarstid.

Unge bondespirer med studielån og investeringsplanar vil aldri kunne konkurrere med veletablerte, gjeldsfrie hyttekjøparar.

Siri Helle, agronom

Enn så lenge er det rift om jorda på øya. Men allereie neste år rundar den yngste bonden på øya femti, hovudvekta er seksti pluss. Få har nye generasjonar klar til å overta – altså må gardar ut på marknaden.

I prospektet vil det glitre i helgelandsk hav, utsikt til Træna, Lovund og Dønna, midnattssol og nordlys. Skal tru kven som vinn den bupliktfrie bodrunden? Og kva som i si tid skjer med butikk og ferjerute når mjølkebilar og fastbuande forsvinn?

Eg kan altså angre på at eg ikkje hoppa på fyrste og beste gardsprospekt då eg kom ut frå jordbruksskulen i mai.

På den andre sida kan eg vere glad eg ikkje akkurat har tatt opp eit millionlån på ein produksjon som straks vert utkonkurrert av reduserte tollsatsar. Bonden som kjøpte mjølkerobot med Erna-garanti tidlegare i haust var nok meir framsynt enn dei fleste av oss.

Håp i hengande snøre

Med fare for å stå fram som ei utruleg sutrete kontaktannonse er realiteten den at med blå-blå landbrukspolitikk er ein ugift bonde min einaste, realistiske sjanse til å drive eigen gard.

På den andre sida kan eg vere glad eg ikkje akkurat har tatt opp eit millionlån på ein produksjon som straks vert utkonkurrert av reduserte tollsatsar.

Siri Helle, agronom

Slikt er det – heldigvis – vanskeleg for både politikarar og byråkratar å så vel planlegge som deregulere.

Mykje fint, godt og viktig har blitt sagt om primærnæringane den siste veka. Nye alliansar er allereie på veg opp av plogforer, høystål og fiskekassar. LO sin invitasjon til ei ny grasrotrørsle er spennande.

For alle som set pris på nærleik til primærnæringane vert det viktig å halde godt fast i kvarandre dei neste åra. Stadbundne bønder har det føremålet at dei ikkje er så lette å flytte på.