NRK Meny
Kronikk

Jordbrukspolitikk for dei få?

Norsk jordbruk er mange bekker små og ikkje ei stor å. Det må Sylvi Listhaug snart forstå.

Tåke i fjøset

Den garden eg ein gong drøymde om blir stadig meir uoppnåeleg med Sylvi Listhaugs jordbrukspolitikk, skriv agronom Siri Helle. Her: svært lokal tåke i eit fjøs i Finnmark.

Foto: Fredrik Norum (CC BY-NC 2.0)

Sylvi Listhaug vil flytte mjølkekvotar i retninga ho meiner norsk jordbruk bør gå: stor, større, størst. Trist, tristare, tristast, meiner eg, og trur eg held meg til verandakassa mi foreløpig, for slik politikken utviklar seg vert den garden eg ein gong drøymde om stadig meir uoppnåeleg. I korte trekk er det to problem med Listhaug sin medisin. Det eine er kva vi mister, og det andre er kva vi får.

Listhaug må gjerne ynskje å sentralisere jordbruket, som i praksis er det ho gjer gjennom å å flytte mjølkekvotar frå til dømes Hordaland til Hedmark. Då må ho likevel vere open om kva som kjem til å skje med den produserte mjølkemengda i Hordaland. Den kjem til å gå ned. Det får konsekvensar ikkje berre for Tine sine mjølkekartongbønder, men for rekrutteringa til heile næringa i fylket.

Samdrifter, mjølkerobotar, rundballar og stadig større traktorhengarar og gyllevogner har gjort at fleire kyr står saman i større og færre fjøs no enn tidlegare. Slik er det, men er det slik vi vil ha det? Det er litt rart at alle klutar skal settast inn for at dei to prosent største mjølkebøndene skal få bruke potensialet på sin gard, medan resten vert gløymde. Kva med potensialet på dei mindre bruka?

Tiltak for dei mange eller for dei få?

Planane Listhaug presenterer for tida er best eigna til å øydelegge alt jordbruk vest for Hedmark og nord for Trøndelag. Dersom det skal vere nokon att som trur Listhaug når ho seier ho vil halde på jordbruk over heile landet, er det på høg tid ho presenterer tiltak retta mot dei som utgjer hovuddelen av norsk jordbruk: dei mindre gardbrukarane.

Planane til Listhaug er best eigna til å øydelegge alt jordbruk vest for Hedmark og nord for Trøndelag.

Siri Helle, agronom og skribent

Det kunne ho til dømes ha gjort gjennom å gå inn for eit tilskot til areal med driftsulemper. Å greie ut dette nye tilskotet vart vedtatt i jordbruksavtalen 2013. Rapporten var ferdig i februar: Næringsorganisasjonane går inn for tiltaket, som dei meiner vil vere eit viktig verkemiddel for å oppretthalde eit aktivt jordbruk over heile landet. Staten sine representantar går mot, då det ikkje samsvarar med regjeringa sitt mål om ein «kostnadseffektiv matproduksjon».

Igjen og igjen syner Listhaug at ho ikkje klarar å lette på det ideologiske sløret ho har trekt godt ned over både auge og øyre for å sleppe å ta inn den norske jordbruksrøyndommen: 30 prosent av grasarealet vårt er på teigar under 10 dekar. 50 prosent – halvparten – på teigar under 18. Til samanlikning har nye IKEA i Bergen ei grunnflate på 24 dekar. Det norske bønder er gode på er å nytte alle desse små areala og få mest mogleg mat ut av dei.

Det hadde ikkje bøndene klart om dei ikkje hadde hatt utmarka – fjellet, skogen, heiane og myrane – til å hjelpe seg. Og denne utmarka, den kan ikkje flyttast. Den heng altfor godt fast i det steinharde, norske grunnfjellet. Det skal vi gjerne vere glade for. Elles hadde Listhaug kanskje rive ned heile Dovrefjell.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Ideologi i det blå

For bein i nesa har ho, landbruksministeren vår. Men ideologi og stå på-vilje høver likevel best når teori stemmer med praksis. Til dømes så går Frp-tankegangen tilsynelatande ut på at lukka ligg i å vekse seg størst og tene mest mogleg. Slik trur eg ikkje dei fleste norske bønder tenker. Sjølvsagt skal ein kunne leve av jorda. Dei fleste storbønder på Jæren veit likevel at dei få store, flate, lettdrivne areala vi har her i landet aldri vert nok til å oppretthalde sjølvbergingsprosenten vår. Treng Listhaug å minnast på at den ikkje berre skal oppretthaldast, men òg aukast?

Igjen og igjen syner Listhaug at ho ikkje klarar å lette på det ideologiske sløret ho har trekt godt ned over både auge og øyre.

Siri Helle, agronom og skribent

Ein bonde brødfør heller ikkje berre seg sjølv og dyra sine. Kor mange bønder må vi ha i kvart fylke for at det skal vere tenleg å oppretthalde rådgjevingstilbod, slakteri, tilsynsordningar og mottaksplikt? Då Listhaug var på besøk på Nortura sitt anlegg i Førde i januar, fekk ho beskjed om at dei no hadde effektivisert så mykje at dei var avhengig av at det lokale jordbruket heldt oppe leveringstakta.

Då hjelp det ikkje at kyrne i Hedmark produserer så det sprutar. Ei rådgjevingsteneste er avhengig av eit visst tal kundar i eit område for å kunne levere god, lokal kunnskap – ein kunnskap som ikkje minst er viktig for nye, unge bønder i næringa.

Fridom for kven?

Apropos dei unge, nye. Dei som skal frigjerast, og sleppe å trykkast ned under tunge landbrukstakstar og kvoteavgrensingar. Er det sjølvsagt at dei alle saman vil ta opp millionlån for å sprenge kvotetak? Er det sjølvsagt at dei får dei låna? Eller er det meir tenleg å legge opp til ein mjukare overgang, med mindre bruk, lågare investeringar, og ein produksjon ein kan ha oversikt over fordi den baserer seg på lokale ressursar?

Stort er ikkje alltid best.

Siri Helle, agronom og skribent

Eg veit ved alle høve kva eg ville valt. Å gjere bonden fri skal betre rekrutteringa, seier statsråden. Fridom er eit viktig ord for ein bonde, men det har tilsynelatande eit anna innhald enn for ein statsråd frå Framstegspartiet. Fridom er ikkje skyhøg gjeld og timevis i traktor mellom fjøs og eng med gras inn og møk ut, slik konsekvensen er av stadig større bruk. Fridom er å kunne planlegge sin eigen arbeidsdag, vere sin eigen sjef og legge massevis av kjærleik og tilhøyrsle i kvar gard og kvart dyr.

For meg er eit av dei verkelege kvalitetstrekka ved norsk jordbruk er at det går an å sei «kyr med namn mjølkar best» – høgt, utan å bli ledd av. Fordi stort er ikkje alltid best. Eg får til dømes aldri høgare avling per arealeining enn i verandakassen min.