Hopp til innhold
Kronikk

Ja til kulturell privatkapital!

Det raud-grøne Kultur-Noreg treng store private pengar til dei store ideane. Det ønskjer vi velkomen frå ei blå regjering.

FRITT ORD Francis Sejersted

Kronikkforfattaren set pris på Francis Sejersteds formulering: «Dette er den norske modellen, at dei private tar initiativ og arbeider fram gode tiltak.» Her frå ein prisutdeling i regi av Fritt Ord.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

No er Agnete Haaland engsteleg på Dagsrevyen. Kultur-Noreg er raud-grønt og fryktar at kulturell privatkapital vil overta styringa. Eg får lyst til å vifte med ein blå kulturklut: Kva kan privatkapital gjere godt? Kva bør felleskapitalen gjere betre enn i dag?

Ofte peikar ein på Fritt Ord som «døme» på kulturell privatkapital. Problemet er: Dei er ikkje eit døme. Saman med Sparebankstiftinga DNB er Fritt Ord den einaste store private kulturpengesekken. Har du ein stor ny tanke, er det berre dit du kan gå.

Eller kan du gå til staten? Vel … Staten har prosjektpengar. Små kulturprosjektpengar. Særleg i Kulturrådet. Men store pengar går berre til store aktørar som har faste postar på budsjettet. Derfor kan etablerte aktørar på statsbudsjettet tenkje store tankar, medan dei uetablerte og små må tenkje smått.

Private pengesekkar

Så her er min blå fakkel i eit raudgrønt kulturlandskap:

Eg får lyst til å vifte med ein blå kulturklut.

Anne Marit Godal, sjefredaktør i Store norske leksikon

Få dei private pengane inn! La oss få store privatkulturelle pengesekkar å gå til for prosjekta våre, for dei gode ideane, for det som på blått heiter «høg risiko»!

Kanskje er det dét som trengst for å sjå tydeleg kva som er dei nye, gode ideane? Kanskje er dei private betre til nettopp dét – enn dei som sit med huet og baken inni det eksisterande, som utnemnde representantar for kultur som finst frå før? Som vi sa i Nettkulturløftet: Skal vi få innovasjon opp og stå, må det finnast pengar til hue utanfor dei gamle strukturane.

Men kva er det så staten gjere? Dei må ta fellesskapsjobben etterpå, etter «prosjektet»: Jobben med å velje ut kva som har utvikla samfunnsverdi nok til å drive vidare. Til å vere. Ikkje til å «kanskje bli». Tørt sagt: Ikkje til prosjekt, men til drift.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Bevist sin verdi

Som med Store norske leksikon: Anniken Huitfeldt gjorde rett i ikkje å gje offentleg driftsstøtte til at Store norske leksikon skulle halde fram på bokbransjemåten. Fritt Ord og Sparebankstiftelsen gjorde rett i å finne ut om leksikonet kunne ha samfunnsverdi på nett. Dei gjorde rett i å investere store pengar i prosjektet.

Men no er prosjektet ferdig: snl.no har bevist sin digitale verdi: Over 100.000 daglege lesarar og 400 aktive forfattarar er langt meir enn sakprosa på papir kan drøyme om. Då må det offentlege dra konklusjonen: Dette treng vi i samfunnet vårt. SNL kan få driftspengar frå felleskassa.

Har du ein stor ny tanke, er det berre til Fritt Ord du kan gå.

Anne Marit Godal, sjefredaktør i Store norske leksikon

Og her ligg faktisk hovudproblemet – sjølve systemkritikken av kulturpolitikken i dag. Det er masse offentlege kulturpengar:

  1. Det er pengar til dei etablerte.
  2. Det er masse små prosjektpengar.

Men å få til noko stort som ein ny aktør – det er veldig, veldig vanskeleg. Det blir prosjekt på prosjekt. Ta fire nyvinningar i litteraturen som eksempel: Leser søker bok, Foreningen !les, litteraturhusa og Store norske leksikon. Ingen av desse fire viktige tiltaka med stor samfunnsverdi lev trygt. Ingen av dei er i god dialog med ein offentleg pengesekk som tilpassar seg kva dei skaper av verdi og kva dei får til.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Velkomen til privatkapitalen

Francis Sejersted (Fritt Ord/ Store norske/ høvding frå det sindige kultur-Høgre) seier det så fint: Dette er den norske modellen, at dei private tar initiativ og arbeider fram gode tiltak. Så tar det offentlege over når noko syner seg levedyktig.

Å få til noko stort som ein ny aktør – det er veldig, veldig vanskeleg.

Anne Marit Godal, sjefredaktør i Store norske leksikon

Mitt framlegg til Erna og Olemic/kven-det-no-er-som-blir-kulturminister er slik:

  1. Sørg for at den kulturelle privatkapitalen blomstrar.
  2. Sørg for at den offentlege kulturkapitalen er stor, men langt meir open for å overta når noko nytt syner seg verdifullt for samfunnet.

Med dette programmet ønskjer eg kulturell privatkapital velkomen.