Hopp til innhold
Kronikk

Høgre avmoderniserer norsk språkpolitikk

Verda rundt blir det tenkt annleis om språk og språkpolitikk enn for berre få tiår sidan. Det bør vise att i norsk politikk også, skriv Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum.

Spynorsk mordliste

Høgres framlegg til valprogram ville skru den språkpolitiske klokka meir enn hundre år tilbake, skriv Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk Kultursentrum.

I framlegg til nytt valprogram for Høgre går programkomiteen inn for at offentlege tilsette sjølve skal avgjere kva språk dei vil bruke. Ei slik privatpraktiserande offentleg forvaltning ville vere å skru klokka meir enn hundre år tilbake. Det var då Noreg blei modernisert både språkleg og politisk. Folkestyret blei utvikla, og som eitt av dei første landa i verda blei Noreg ein nasjon med meir enn eitt offisielt språk.

Bolivia betre enn Noreg på språk?

Dei siste åra har land etter land innført nye grunnlover og regelverk som gjer språkpolitikken meir forpliktande, ikkje minst i offentleg forvaltning. Med ei ny grunnlov frå 2009 har Bolivia no 37 offisielle språk. Det krigsherja Irak fekk ei ny grunnlov i 2005 som gir foreldra rett til å be om opplæring på fleire minoritetsspråk for borna sine.

Ei slik privatpraktiserande offentleg forvaltning som Høgre ynskjer ville vere å skru klokka meir enn hundre år tilbake.

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum

Denne nye, moderne språkpolitikken byggjer på den same tenkinga som alt i 1885 fekk det norske stortingsfleirtalet til å jamstille dei to språka vi no kallar bokmål og nynorsk. Politikken byggjer på ei erkjenning av respekt for språklege skilnader og vilje til å sikre dei språklege rettane også for ulike mindretal. Det maktar fattige Bolivia betre enn rike Noreg viss programforslaget i Høgre ein gong får eit stortingsfleirtal bak seg.

Grunnlova på nynorsk

I mange hundre år dyrka både makthavarar og revolusjonære ideen om ein nasjon – eitt språk. Sjølv dei franske opprørarane i 1789 gjorde kva dei kunne for å presse eit mylder av språk ut av bruk.

Denne einspråkslæra var ein pussig tanke alt då den blei til. Nasjonsgrenser og språkgrenser følgdest ikkje åt verken før eller seinare, heller ikkje i Noreg. På lytefritt dansk slo riksforsamlinga på Eidsvoll fast i 1814 at offentleg tilsette måtte tale «landets Sprog». I november same året blei det presisert at dette språket var norsk, sjølv om det var pære dansk. 200 år etterpå rettar Stortinget opp dette. Til grunnlovsjubileet i 2014 ligg Grunnlova endeleg føre på landets språk – moderne bokmål og nynorsk.

Eit radikalt vedtak

Den moderne språkpolitikken byggjer på respekt for språklege skilnader og vilje til å sikre språklege rettar. Det maktar fattige Bolivia betre enn rike Noreg viss programforslaget i Høgre ein gong får eit stortingsfleirtal bak seg.

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum

Det var eit svært radikalt vedtak Stortinget gjorde då det nye landsmålet i 1885 blei jamstilt med det gamle dansk-norske språket. Utanom grunnlovsvedtaka i 1814 har knapt noko stortingsvedtak frå 1800-talet meir å seie enn dette. Den nynorske skriftkulturen skapte Noreg, utvida Norge og forma ein ny fellesskap basert på ein språkdelt norsk kultur.

I uminnelege tider har språk vore ein kritisk faktor i utviklinga av fellesskap, konstitusjonelle så vel som sosiale eller kulturelle. Var språk berre det kommunikasjonsmidlet mange vil ha det til, var det liten grunn for makthavarar verda rundt å styre også med alt frå språklege rettar til rettskrivingar, men det var det dei gjorde, frå Peter den store til Mao Zedong.

Den store endringa

Einspråkspolitikken blei ein historisk fiasko. I det hundreåret Ivar Aasen levde, skal talet på identifiserte skriftspråk i Europa ha auka frå 16 til 31. Hundre år seinare veit vi om minst 230. Kvart femte språk som er dokumentert i dag, var lite kjent før Noreg blei ein oljenasjon.

Dette gjer noko med forståinga til nokon kvar av språksituasjonen i verda: Først i seinare år kjenner vi det reelle språklege mangfaldet.

Det fleirspråklege er blitt det typiske, det einspråklege er unntaket. I verda av språk er eintal blitt til fleirtal dei siste tiåra, og store fleirtal er blitt til mange mindretal.

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum

Då blir det openbert at språk er mykje meir enn instrumentell kommunikasjon og dreiar seg om meir enn å forstå kvarandre. Alle språk vinn sine posisjonar gjennom bruk, handlingar, vedtak. Hendingane i Irak og Bolivia viser at mange tenkjer annleis om språk i dag enn for 30, 60 og 90 år sidan. Det fleirspråklege er blitt det typiske, det einspråklege er unntaket. I verda av språk er eintal blitt til fleirtal dei siste tiåra, og store fleirtal er blitt til mange mindretal.

Dette er den språklege vendinga, det intellektuelle paradigmeskiftet, den nye tenkjemåten.

Nynorsk på Gardermoen

Som ein av dei første nasjonane med meir enn eitt offisielt språk bør Noreg gå i motsett retning av Høgre og vise kva moderne språkpolitikk er i det 21. hundreåret.

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum

Gledene over rikdomen i den språkdelte norske kulturen deler vi nynorskbrukarar gjerne med fleirtalet, berre fleirtalet deler pliktene med oss. Nøkkelordet er respekt. Det handlar om å forstå og respektere dei som snakkar eller skriv annleis enn ein sjølv. Eit reelt språkleg mangfald kan ta form når eit språk blir respektert og verdsett i bruk på mange ulike område.

Som ein av dei første nasjonane med meir enn eitt offisielt språk bør Noreg gå i motsett retning av Høgre og vise kva moderne språkpolitikk er i det 21. hundreåret.

Det enklaste er ofte det beste:

Dei som køyrer brua over Svinesund inn i Noreg, får klar melding på vegskiltet – «Norge/Noreg» – om at dei no kjem til ein stat med to offisielle språk. Dei som landar på Gardermoen, blir møtt med eitt norsk språk – bokmål, og så engelsk, sjølvsagt. I Katalonia har styresmakter, institusjonar og bedrifter i Katalonia på få tiår etablert ein sikker, tospråkleg praksis i all skilting, til dømes på flyplassen El Prat i Barcelona.

Språkåret 2013 er eit godt høve for norske styresmakter til å vise kva språkleg mangfald vil seie i praksis.

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum

Språkåret 2013 er eit godt høve for norske styresmakter til å vise kva språkleg mangfald vil seie i praksis. No kjem Grunnlova på moderne bokmål og nynorsk. Gardermoen burde skiltast like moderne.

Artikkelen byggjer på boka «Draumen om målet. Tilstandsrapportar om Norge og Noreg», Det Norske Samlaget 2012.