Hopp til innhold
Kronikk

Gamle menns rasisme

Det er lett å le av gamle rasistar. Slike som far min, og Anders Lange.

Anders Lange under valgkampen i 1973

Var Anders Lange berre ein eksentrikar med smak for eggelikør? Freistar Framstegspartiet feie historia si under teppet? spør kronikkforfattar Arne Hjorth Johansen. Her kan ein sjå Lange under ein partileiardebatt i 1973.

Foto: SCANPIX

Far min var rasist av den gode gamle sorten. Han trudde på the white man’s burden, tanken om at kvite menneske var meir siviliserte, høgverdige, og difor hadde ein moralsk plikt til å kolonisere, herske over, og oppdra andre folkeslag.

Ein gong høyrde han den amerikansk-norske songarinna Ruth Reese lese eventyr og synge negro-spirituals på Barne-TV. Han sette seg sporenstreks til skrivemaskinen og skreiv eit lesarbrev til Aftenposten i protest. Kva er dette for anstaltmakeri av fjernsynet. spurde han. Finnes der ikkje folk her i landet som på eit forståeleg norsk kunne lese opp dei eventyra denne utlendingen gav til beste? Vennligst få slutt på dette eventyrlege tullet snarast.

Far min var rasist av den gode gamle sorten.

Arne Hjorth Johansen, blogger og skribent

Lesarbrevet gjorde at han blei innvilga medlemskap i legendariske Darwin P. Erlandsens Dusteforbund, noko gamlingen tok med godt humør. Kunngjeringa av medlemsskapet fekk glas og ramme på seg, og heidersplass på veggen i barndomsheimen. Om han vart noko klokare av det veit eg ikkje, men eg held moglegheita open.

Stem på Slange

Eg hugsar eit glimt frå barndommen. Far min og bror min sitter framme i bilen, eg sit i baksetet. Det er snart val, bror min skal stemme for fyrste gong, og far min spør kven han har tenkt å stemme på. «Eg tenkte eg skulle stemme på Anders Lange» svarte bror min, og far min anerkjente det som eit klokt val.

Eg var 7–8 år gamal, og hadde aldri høyrd om Anders Lange. Eg trudde bror min skulle stemme på han der Slange, og det gjorde meg nyfiken. Slange? Det var nok ein sleip fyr, tenkte eg. Det gjekk mange år før eg skjønte at det var Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skattar, avgifter og offentlege inngrep han snakka om, forløparen til Framstegspartiet

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Den gamle skulen

Det er lett å le av gamle rasistar. Slike som far min, og Anders Lange. For Lange var også ein rasist av den gamle skulen. Han dreiv si eiga avis, Hundeavisen, i fleire år. Det var ein avis om hundar og politikk, og må seiast å ha vore svært høgrevridd.

Ein kveld han var ute og køyrde bil fekk auge på ein mørkhuda mann i vegkanten. Han kasta bilen over på andre sida av vegen.

Arne Hjorth Johansen, blogger og skribent

Ein av dei som skreiv flittig i Hundeavisen var lektor Olav Hoaas. Lange hadde ikkje problem med hans meiningar om jødane eller rasebiologi. Når ein så belest og kunnskapsrik mann som Olaf Hoaas i sin tanke har kommen fram til slike konklusjonar om raseproblemet, så er det like berettiget som oppfordringar til å støtte negere som drep og et opp misjonærar og andre uskyldige kvite i Afrika, meinte han.

I 1976 blei Hoaas den første her i landet som vart dømt for rasediskriminerande utsegn. Holocaust var ein bløff, og jødane burde emigrere til Israel. Dei som ikkje gjorde det burde isolerast i eit eige jødesamfunn der dei ikkje tok plass eller jobbar frå nordmenn var berre noko av det han meinte.

Vi kan humre av dette, akkurat som vi kan smile av far til ein tidlegare kollega av meg som ein kveld han var ute og køyrde bil fekk auge på ein mørkhuda mann i vegkanten. Han kasta bilen over på andre sida av vegen. «Eg vart redd», svarte han, når dottera spurte kva i all verda han dreiv på med. Det er ein god historie. Frå ein annan tid. Ein annan generasjon.

Fjøslykter frå Disneyland

«Det kjem mykje rart flygande om ein henger ein fjøslykt ut i sumarnatta» sa Anders Lange1, og dei fleste fekk vere med. Ein kan ikkje bruke Anders Lange mot dagens Framstegsparti, partiet har endra seg mykje sidan den gong, men dei har haldt seg til den filosofien. Sjølv om dei har kasta ut folk frå tid til annan, har dei aldri gjort nokon ordentleg grenseoppgang mellom kva som er ein legitim innvandringskritikk, og kva som er reinspikka rasisme og konspirasjonsteoriar.

Ein finn ikkje stort av det i partiprogrammet, men det er heilt klart at gamle menns rasisme har vore ein viktig del av Framstegspartiets historie.

Arne Hjorth Johansen, blogger og skribent

Det går ein ganske strak linje frå Langes Hundeavis, via Carl I. Hagens falske Mustafa-brev på åttitalet, Øystein Hedstrøms møte med nynazistar på Godlia, til Tybring-Gjedde og Andersens famøse kronikk Draum frå Disneyland, der dei skulda Arbeiderpartiet for å dolke norsk kultur i ryggen.

Ein finn ikkje stort av det i partiprogrammet, men det er heilt klart at gamle menns rasisme har vore ein viktig del av Framstegspartiets historie. Dei kan sjølvsagt freiste å feie det under teppet. Seie at Lange berre var ein eksentrikar med smak for eggelikør. Høgrepopulisme? Nei det har vi ikkje sett!

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Heng det på veggen

Som om det er noko gale med populisme. Alle dei politiske partia er populistar i varierande grad. Dei burde ha vore stolte av det, omfamna det, og samtidig forklart kvifor dei er høgrepopulistar, men på ingen måte verken høgreradikale, eller høgreekstreme. For det er dei ikkje.

I staden for å pynte på historia burde dei gjort som far min, hengt han opp på veggen i glas og ramme. Eg veit ikkje om dei hadde vorte noko klokare av det, men eg held moglegheita open.

1. Etter at teksten vart publisert blei vi gjort merksame på at det ikkje var Anders Lange, men Eivind Eckbo, fungerende formann i Anders Langes parti frå 1974-1975, som sa dette.