Hopp til innhold
Kronikk

Friplass på fråfallstoget

Privatistordninga i grunnskulen er ikkje ei god ordning for ungdom som nyleg er komne hit til landet. Dei får ikkje det faglege grunnlaget dei treng.

Sykkel foran Tåsen skole

«Vidaregåande kan vere tøft nok for norskspråklege med 10 år grunnskule», så kvifor forventar ein at nykomne innvandrarar utan fagleg grunnlag skal klare det, spør kronikkforfattaren.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

I fjorten år har eg vore lærar for ungdomar som nyleg er komne til landet. Arbeidet er både givande og krevjande. Tidlegare var motivasjonen høg. Sjølv om hindringane var store, var målet større: Å utruste desse nykomne ungdomane til å kunne leve liva sine innanfor samfunnet her, til nytte og glede for seg sjølve og for samfunnet. Det er difor det er så innmari trist å sjå utviklinga gå i feil retning.

Ein fersk rapport frå SSB syner at berre fire av ti innvandrargutar klarar vidaregåande skule. For Trondheim sitt vedkomande var det berre 38 prosent av unge menn med innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land som starta i grunnkurs for første gong hausten 2005–2007, som fullførte i løpet av fem år.

Enkelte undrar seg på kvifor det er så stort fråfall i vidaregåande skule, og her er ein liten flik av forklaringa: Dei nykomne har ikkje det faglege grunnlaget dei treng for å kunne følgje undervisninga på vidaregåande skule. Det er veldig lett å kome inn i vidaregåande skule. Den store utfordringa er å kome seg ut. Med papir.

Svekkjer andre tilbod

Vidaregåande kan vere tøft nok for norskspråklege med 10 år grunnskule. Mykje svakare står sjølvsagt elevane som er komne til landet i tenåringsalderen. Det tar tid og energi å lære språket og å finne ut korleis livet skal levast her under heilt andre omstende enn dei er vande med. Vonde opplevingar frå opphavslandet og under flukta, heimlengt og krav heimanfrå gjer det ikkje lettare å konsentrere seg om skulearbeidet.

Det er veldig lett å kome inn i vidaregåande skule. Den store utfordringa er å kome seg ut. Med papir.

Marit Kalland Heyler, lektor

Minoritetsspråkleg ungdom med liten skulegang frå heimlanda får tilbod om grunnskuleopplæring, eit komprimert grunnskuleløp i små grupper og med tett oppfølging. Dette tilbodet vert så undergrave av eit anna tilbod, nemleg å melde seg opp som privatist og dermed få eit privatistvitnemål som gir rett til inntak i vidaregåande skule, uavhengig av resultat og nivå. Opplæringslova pålegg kommunane å tilby grunnskuleeksamen som privatist for alle over 16 år som ikkje har høve til å følgje undervisninga. Alle som kan følgje undervisninga blir rart nok også omfatta av dette tilbodet.

Dette resulterer i at nesten ingen av elevane med svak skulebakgrunn fullfører grunnskuleopplæringa lenger. Etter få år tyr fleire og fleire til snarvegen og melder seg opp som privatistar, tar eksamen og får dermed rett til skuleplass i vidaregåande skule. Dei skulesvakaste elevane forstår ikkje kva dei treng å kunne for å klare seg på vidaregåande skule. Grunnskuleeksamen kan ingen stryke på, så om dei får 1 og 2 i alle faga, så har dei same rett som andre til plass i vidaregåande. Mange av dei med lav måloppnåing i lesetestar på 5. klassenivå.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Kunne fått riktig grunnlag

Dette har sjølvsagt både kortsiktige og langsiktige konsekvensar, både for dei sjølve og for samfunnet. Samfunnsmessig blir det brukt mykje pengar på å kvalifisere desse ungdommane. Mange kjem hit som einslege mindreårige og har også eit Barne og familietenesteapparat kring seg som er svært opptekne av å motivere ungdomen til skulegang.

Vidaregåande kan vere tøft nok for norskspråklege med 10 år grunnskule.

Marit Kalland Heyler, lektor

Denne mangeårige innsatsen kunne ha vore ei god investering i framtida. Med fullført grunnskuleopplæring kan ein rimeleg forvente at svært mange av desse ungdomane vil kunne ta ei kortare eller lengre utdanning og få eit godt yrkesliv med moglegheiter om lag på same nivå som for ungdomar som er oppvaksne her i landet.

Nokre av elevane er veldig flinke, men har for lite grunnlag i norsk og skulefaga til å klare seg på vidaregåande enno. Eit år til med grunnskuleopplæring kunne gitt dei det naudsynte grunnlaget for å klare å gjennomføre studiespesialisering.

For seint når ein kjem på vidaregåande

Ein annan alvorleg konsekvens er at ungdomen ved å ta privatisteksamen fråskriv seg vidare rett på grunnskuleopplæring. Så når han, det er oftast ein han, kjem på vidaregåande og ser at han ikkje klarar å gjennomføre fordi han ikkje har fått med seg det faglege grunnlaget som dei andre har fått gjennom tre år i ungdomsskulen, så er det for seint.

Eit første steg ville vere å tette att smottholet som privatistordningen er.

Marit Kalland Heyler, lektor

Med eit fråfall frå vidaregåande skule på over 60 prosent blant enkelte grupper skulle ein tru at ein ville fokusere på korleis ein skal kunne styrke dei språkleg, fagleg og sosialt medan dei er i grunnutdanning og slik vere best mogleg kvalifiserte når dei byrjar på vidaregåande. Eit første steg ville då vere å tette att smottholet som privatistordninga i grunnskulen er for mange.

Dersom ein tek inn elevar før dei er fagleg og språkleg sterke nok til å klare seg på vidaregåande skule, så klarar dei seg sjeldan på vidaregåande skule. Slik ordningane er no, gjer vi ungdomen ei diger bjørneteneste med å gi dei friplass på fråfallstoget.