NRK Meny
Kronikk

Frelsaren frå Firenze

Ikkje sidan Silvio Berlusconi har Italia sett ei politisk stjerne av eit slikt kaliber. Vona er unge Matteo Renzi blir ein statsminister som forvaltar embetet sitt med større omsyn for både Italia og verda utanfor.

Matteo Renzi

Matteo Renzi blir EU sin yngste statsminister når han teke sete i løpet av veka.

Foto: Ap

Påtroppande statsminister Matteo Renzi (39) har gjort lynkarriere i gubbeveldet i italiensk politikk. Ikkje sidan Silvio Berlusconi har Italia sett ei politisk stjerne av eit slikt kaliber.

Eit krisemøte i Italias største parti, Det demokratiske partiet (PD), enda førre veke som venta med støtte til Renzi som ny statsminister. Sittande statsminister Enrico Letta måtte difor levera avskilssøknaden sin fredag. Renzi blir no den fjerde statsministeren i Italia på fire år. Den økonomiske og politiske krisa har ridd Italia som ei mare dei siste åra. Resten av EU fylgjer nøye med på kva italienarane finn på denne gongen, med ei frykt for at ei politisk krise skal senda finansmarknadane ut i ny uro.

Mektige vener

Skiftet i PD har vore i emning heilt sidan Renzi, som også er ordførar i Firenze, med solid margin vart vald til ny partileiar i desember.

For det fyrste er Letta blitt stadig meir upopulær. Nyheitsmagasinet L’Espresso fortalde førre veke at 43 prosent av italienarane var positive til Letta i juni i fjor. Oppslutnaden har no falle til 27 prosent.

Renzi har vore særdeles populær som ordførar i Firenze, der han har hindra trafikkdød og snakka varmt om grøne lunger.

Torill Stavenes

For det andre har Renzi fått ei rekkje mektige vener. Éin av dei er leiaren for den toneangjevande interessegruppa Confindustria, Giorgio Squinzi. Han har tidlegare uttalt at Letta må bytast ut, elles må italienarane igjen gå til urnene. Renzi har også knytt alliansar på tvers av politiske skiljelinjer. Silvio Berlusconi, som nyleg lanserte Forza Italia på nytt, sette for fyrste gong sine bein i Det demokratiske partiets hovudkontor i Roma for å diskutera politikk med akkurat Renzi. Gjennom ei rekkje samtalar er dei blitt samde om ein ny valreform.

For det tredje har Renzi vore særdeles populær som ordførar i Firenze, der han har snakka varmt om grøne lunger i byen, hindra trafikkdød og gjort fleire gater til gågater.

Aldri skjedd tidlegare

Også i norske medium fekk valet av Matteo Renzi som ny partileiar i PD i desember merksemd, han er trass alt berre 39 år. Alderen på politikarar i Italias parlament er høg. Ein 39-åring i sjefsstolen for Italias største parti er difor oppsiktsvekkjande. For ikkje å snakka om ein 39 år gamal statsminister. Dét har ikkje tidlegare skjedd i den italienske republikken. Spørsmålet er om Renzi har det som skal til for å stabla ein stabil koalisjon på beina som har mot og krefter til å ta upopulære avgjerder i eit land der tillita til politikarar og det politiske systemet har vore låg i fleire år.

Fordelen til Renzi er at han er ung og ny.

Torill Stavenes

Sist Italia verkeleg kunne velja eit nytt fjes i eit nytt parti, var i valåret 1994 då Silvio Berlusconi tok Italia med storm. Fordelen til Renzi er at han er ung og ny. Det gjer nemleg inntrykk på italienarar som er blitt allergiske mot det etablerte.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Eit brot med «det gamle»

Renzi har allereie markert eit visst mot i møtet med tradisjonar på venstresida. Pakta med Berlusconi er eitt døme. Ein anna er Renzis haldning til fagforeiningane. CGIL, den største hovudorganisasjonen i Italia med om lag seks millionar medlemer, har lenge hatt nære band til PD. Organisasjonen ville ha Renzis motkandidat til å bli ny partileiar, for Renzi har ved fleire høve kritisert dei tette banda. Renzi uttalte tydeleg at partiet ikkje ville finna seg i å bli diktert av fagforeiningane i utarbeidinga av politikk. Dette kan vera eitt steg på vegen mot å våga å innføra reformer Italia sårt treng.

Venstresida har mangla ein populær frontfigur.

Torill Stavenes

Renzi kjem også i grevens tid for venstresida i Italia. Sjølv om tidlegare partileiar Pier Luigi Bersani vann valet hårfint mot Berlusconi i fjor, har venstresida mangla ein populær frontfigur. Tidlegare leiar for EU-kommisjonen, Romano Prodi, var i mange år eit viktig samlingspunkt for ulike krefter på sentrum-venstre-sida.

Likevel har kritikarar, delvis med rette, hevda at noko av årsaka til Berlusconis suksess dei siste to tiåra ikkje er Berlusconi og hans politikk i seg sjølv, men det håplause alternativet på venstresida. Renzi ser ut til å representera eit brot med «det gamle», noko som venstresida i Italia treng.

Mange italienarar har med Renzi fått ei ny politisk stjerne å festa lit til. Den førre av dette kaliberet i Italia heitte Silvio Berlusconi. Vona er at Renzi forvaltar embetet sitt med større omsyn for både Italia og verda utanfor enn det Berlusconi gjorde.

Torill Stavenes skriv masteroppgåve om Forza Italia/Partito Democratico sitt forhold til interessegrupper og kom i går heim frå feltarbeid i Italia.