NRK Meny
Kommentar

Europas tapte ungdom

Vi kan ha tapt ein generasjon, seier EUs fremste folkevalde. Kan EU overleve det, spør Knut Magnus Berge.

Demonstrasjoner i Spania

Det som startet som en gjeldskrise har utvikla seg til sosial krise, skriv Knut Magnus Berge. Biletet viser ein demonstrasjon i Pamplona i Spania søndag 10. mars.

Foto: Alvaro Barrientos / Ap

Tenk deg at du er nyutdanna, 24 år, klar for jobb og vaksenliv. Flytte heimafrå, kanskje få barn. Og så er det stopp. Ingen jobb. Du blir buande heime hos mor.

Der er millionar av unge europearar i dag.

Halvparten utan jobb

Meir enn halvparten av alle grekarar og spanjolar mellom 15 og 25 år er arbeidslause. Også i Italia, Portugal og fleire andre EU-land er tala dystre.

Den sosiale nøden er tema når Angela Merkel, François Hollande og resten av EU-toppane møtest i Brussel denne veka.

Det som starta med gjeldskrise har utvikla seg til sosial krise.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Det som starta med gjeldskrise har utvikla seg til sosial krise. Og med den følger ei tillitskrise som riv og slit i heile det europeiske prosjektet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Varslaren

Det er ei tragedie for den enkelte, for når konjunkturane ein dag snur, kan toget vere gått. Då står ein der utan jobberfaring, i kø med millionar av nye nyutdanna. «Vi redda bankane, men kan ha tapt ein generasjon», varslar EU-parlamentets president Martin Schultz.

Hellas er i realiteten konkurs, og må ha krisestøtte også framover for å betale sine lån. Italienske veljarar har sagt nei til fleire kutt i offentlege budsjett, og landet er kasta ut i politisk kaos.

I Spania stig frustrasjonen idet familiar blir sette på gata, mens skuldingar om korrupsjon haglar mot regjering og statsminister. På toppen av dette vurderer EU-skeptiske britar folkerøysting om EU-medlemskapen om få år. Er EU liv laga?

Spiriten frå Oslo

Nordmenn vil hugse EU-parlamentets president Martin Schultz frå nokre månader tilbake. Den tyske sosialdemokraten var ein av tre presidentar i EU-systemet som sat på podiet i Oslo då EU fekk fredsprisen. Det er i spiriten frå talane i Oslo den sterkaste legitimiteten til det europeiske prosjektet ligg. Og den viktigaste motivasjonen for å bringe euroen ut av krisa.

Det er i spiriten frå talane i Oslo den sterkaste legitimiteten til det europeiske prosjektet ligg. Og den viktigaste motivasjonen for å bringe euroen ut av krisa.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Euroen blei innført av politiske grunnar, ikkje primært økonomiske. Eit samla og styrka Tyskland skulle finne sin nye plass i Europa, og euroen skulle sikre djupast mogeleg integrering.

Som kjent ligg Tyskland midt på kontinentet med grense mot ni andre EU-land. Alle nabolanda – med unntak for Sveits – er blitt okkupert av Tyskland minst ein gong det siste hundreåret. Naboane ville demme opp for Tysklands styrke.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Hatobjekt

Og Tyskland er seg bevisst si mørke historie og sitt europeiske ansvar. Europas mektigaste politikar Angela Merkel står i spissen for europeisk integrasjonen.

Samtidig blir Merkel kritisert for knallharde krav til innsparingar i offentlege budsjett i kriselanda i sør. Ho er hatobjekt nummer ein i Hellas, og det var på mange måtar hennar sparepolitikk italienarane vende ryggen til i valet i februar.

Lys i tunnelen?

Euroen er det viktigaste integrasjonsprosjektet i dagens EU, men slit med legitimiteten.

På toppmøtet denne veka må EU-sjefane samle seg om ein veg framover. Frankrikes nye president François Hollande har uttrykt skepsis til Merkels linje, og meiner innstrammingane kan forsterke den sosiale krisa.

No må EU-toppane einast om vegen mot ny vekst – for å hindre at millionar av unge faktisk forblir Europas tapte generasjon.