Hopp til innhold

Eurodraumen Høgre ber på

Høgre har ikkje gitt opp å innføre euro i Noreg, trass i krisa i Hellas. Ynskjer Erna Solberg Europas sameinte statar?

BELGIUM-EU-NORWAY

Ynskjer Erna Solberg at Noreg skal gå inn i euroen, spør Liv Signe Navarsete. Her er Solberg avbilda samen med EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker. ARKIVFOTO

Foto: JOHN THYS / Afp

Kronikkvignett Ytring

Fredag 10. juli kom det fram at Høgre ikkje har gitt opp draumen om å skrote den norske krona og innføre euro i Noreg. Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker grunngjev i papirutgåva av Klassekampen iveren med at «svingningene mellom euro og krona skaper store utfordringer for en del norske bedrifter».

Høgre har i lang tid vore den sterkaste forkjemparen for å melde Noreg inn i EU. Korkje eurokrise, strid i EU eller debatten om «grexit» gjer nok inntrykk på Høgre til at partiet er villig til å reorientere sin EU- og europolitikk.

Radikal endring

Å innføre euro i Noreg vil vere den mest radikale endringa av norsk pengepolitikk sidan opprettinga av Noregs Bank i 1816. Med ein innføring av euro ville me ha flytta mynde til å avgjere styringsrenta i Noreg til den europeiske sentralbanken. Me ville ha gitt frå oss eit av dei mest effektive verktøya eit land har for å leggje til rette for auka sysselsetjing og vekst, nemleg ein fleksibel nasjonal valuta.

Korkje eurokrise, strid i EU eller debatten om «grexit» gjer nok inntrykk på Høgre til at partiet er villig til å reorientere sin EU- og europolitikk.

Liv Signe Navarsete

Fordelen av å ha eigen valuta har Noreg merka til det fulle det siste året. I løpet av eit år har kronekursen mot dollar falle med meir enn 20 prosent. For at norske bedrifter skulle ha oppnådd ei tilsvarande konkurransebetring med euro som valuta i Noreg, måtte ein redusert norske løner med 20 prosent. Effektane av ei slik «intern devaluering» ser me i Hellas, der om lag 60 prosent av landets ungdom er arbeidsledige.

Å senke lønsnivået i landet er ein svært usolidarisk måte å prøve å redde økonomien på. Vanlege arbeidstakarar vert straffa, medan dei rikaste som lever av kapitalinntekter slepp lettare unna, då desse ikkje er avhengig av lønsinntekt. Å justere ned lønsnivået verkar dårleg, då det senkar innanlandsk etterspurnad etter nasjonale varer og tenester fordi kjøpekrafta fell.

For elitane

Euroen skulle verke som ein økonomisk motor for Europa. I staden gjorde den det mogleg for land i sør å ta opp gjeld dei ikkje kunne betale attende. Innføringa av felles valuta i Europa var eit forsøk på å få til ein politisk union som ein ikkje fekk til med demokratiske midlar. Ein visste at folket i Europa ikkje ynskte å leggje ned nasjonalstatane og innføre Europas sameinte statar. Men gjennom euroen hadde EU-eliten ei brekkstong til å kunne skape dette.

EU var meint å skape betre liv og økonomisk tryggleik for Europas borgarar, men viser seg no som eit eliteprosjekt. Eit fåtal får det betre, medan folk flest kjem vesentleg dårlegare ut. Trass i at EU sitt prosjekt med for mykje overnasjonal styring har feila, vil EU gå enno lenger. EU sine leiarar krev no styrka overnasjonal kontroll med kvart enkelt medlemsland sine statsbudsjett. Det felles kartet for EU si framtid vil ha ei streng oppfølging av EUs såkalla «anbefalingar».

Innføringa av felles valuta i Europa var eit forsøk på å få til ein politisk union som ein ikkje fekk til med demokratiske midlar.

Liv Signe Navarsete

EU-toppane vil også opprette eit European Fiscal Board for å følgje opp ein felles finanspolitikk, og ynskjer eit finansdepartement for euroen som inneber strengare felles rammer for skattlegging. Den dagen EU får mynde til å styre over kvart EU-land sitt statsbudsjett har EU-eliten fullbyrda sitt mål om å etablere ein økonomisk og politisk union – Europas sameinte statar.

Høgre må svare om EU-medlemskap

Høgre ynskjer ikkje for mykje merksemd om dette, og avskriv ein diskusjon om temaet med at eit norsk EU-medlemskap ikkje er «aktuelt». Det er like fullt på sin plass om Noreg sin statsminister avklarar om ho i dag deler målet til Europarørsla i Noreg, som er ein del av paraplyorganisasjonen European Movement.

EU var meint å skape betre liv og økonomisk tryggleik for Europas borgarar, men viser seg no som eit eliteprosjekt

Liv Signe Navarsete

I vedtektene til European Movement går det fram av artikkel 2 at «The European Movement is a network of member organisations (…) who have come together to contribute to the establishment of a united, federal Europe».

Kva slags utfordringar?

LO har analysert effektane av at Noreg har hatt ein fleksibel valuta dei siste åra. I deira samfunnsnotat 6/15 stadfestar organisasjonen at «den endringen vi har opplevd for norsk valuta siden 2012 betyr mer enn noen tenkelig form for skatteendring dersom den blir av tilsvarende varighet».

Kan Høgre gje eitt døme på ei norsk bedrift som ber om at Noreg avskaffar krona til fordel for euroen?

Liv Signe Navarsete

I økonomiske nedgangstider vil ei svekka krone tene både norske bedrifter som eksporterer og dei som konkurrerer med import frå utlandet. Dette fordi norske bedrifter løner arbeidstakarar i Noreg i norske kroner – og deira varer blir billegare i utlandet når prisen på kroner søkk. Samstundes vil prisane på utanlandske produkt auke i Noreg. Etterspurnaden etter norske varer aukar når dei blir billegare enn utanlandske.

Sidan Høgre tydelegvis meiner at ein fleksibel valutakurs skaper «store utfordringar» for norske bedrifter, kan Høgre gje eitt døme på ei norsk bedrift som ber om at Noreg avskaffar krona til fordel for euroen?

Kva blir kostnadane for Noreg?

Ei anna problemstilling Noreg ville kunne stå overfor om Høgre fullbyrda sin eurodraum er korleis dette ville ha lagt press på oljefondet vårt. EU ville truleg krevje at Noreg måtte betale inn store summer til EU sitt stabiliseringsfond, som er på mange hundre milliardar euro. Har Høgre i det heile teke tenkt over kor store kostnadene av dette kunne bli for Noreg?

Les også: