Hopp til innhold
Kommentar

Eit stikk i hjertet

Akkurat der folkemassane reiv Berlinmuren, står ambassadekomplekset og avlyttar DDR-kvinna som tok seg til topps i det frie vest.

OBAMA-BERLIN/ U.S. President Obama and German Chancellor Merkel make their way to news conference at Chancellery in Berlin

Om nokon politikar har vore like populær i Tyskland dei seinare åra som Angela Merkel, må det vere Barack Obama, skriv utenrikskommentator i NRK, Knut Magnus Berge.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Det er alvor. Og det kan få føljer for resten av Europa. For no går det på tilliten laus imellom USA og EUs dominerande stormakt. Forklaringa på Tysklands sterke reaksjon er å finne i nær historie.

Sigersmaktenes plass

Hjertet av Berlin er Pariser Platz. Med Brandenburger Tor i vest, rommar plassen heile den europeiske tragedien i førre hundreår. Her marsjerte soldatane ut til to verdskrigar, her gjekk frontlina under den kalde krigen.

Ambassadane til sigersmaktene frå andre verdskrigen er sjølvskrivne ved Pariser Platz. Den britiske og den russiske litt nedover paradegata Unter Den Linden. Den franske på sjølve plassen, saman med amerikanaranes nye ambassadekompleks som nesten lenar seg på Brandenburger Tor.

Best i byen

USA har Berlins beste adresse, og – viser det seg – ei ideell adresse for overvaking. Frå takterrassen er utsikta spektakulær til kuppelen på Riksdagsbygninga nokre hundre meter mot nord. Og til forbundskanslerens kontor ved sidan av parlamentet.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Akkurat der ambassaden ligg, gjekk muren som i si tid delte Tyskland og Berlin. Dei på austsida levde i overvakings- og politistaten DDR. Angela Merkel var ein av dei. Den magiske natta til 10. november i 1989, var ho ein av mange frå aust som tok seg over i vest, og fekk ein første smak av fridom.

Der massane feira jernteppets fall på muren ved Brandenburger Tor er det altså at amerikanarane har lytta på mobilen til Angela Merkel.

Knut Magnus Berge, utenrikskommentator i NRK

Der massane feira jernteppets fall på muren ved Brandenburger Tor er det altså at amerikanarane har lytta på mobilen til Angela Merkel. DDR-kvinna som mot alle odds steig til topps i det nye Tyskland.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Angela Merkel i regn

Angela Merkel var ein av dei mange frå aust som tok seg over i vest-Berlin november 1989, og fekk ein første smak av fridom.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Symboltung talarstol

Avsløringa kjem knappe tre tiår etter at president Ronald Reagan stod på talarstolen ved Brandenburger Tor og formulerte: «Herr Gorbatsjov, riv ned denne muren». Her var det også at John F. Kennedy kikka over den nybygde Berlinmuren, før han frå rådhusbalkongen i Vest-Berlin erklærte sin solidaritet; «Ich bin ein Berliner».

Amerikanarane har i etterkrigshistoria vore sjølve garantisten for at den tyske forbundsrepublikken fekk vekse fram og blomstre med solid forankring i vest. Både før og etter jernteppets fall.

Enkelte meiner ein ikkje kan gå vidare med forhandlingane om eit amerikansk-europeisk frihandelsområde. Det er ei dramatisk utvikling.

Knut Magnus Berge, utenrikskommentator i NRK

Mistillit

Rett nok har forholdet ikkje alltid vore rosenraudt. Men det har handla om politiske og personlege motsetningar. Først no blir det sett spørjeteikn ved den grunnleggjande tilliten.

No vurderer tyskarane å opprette ein parlamentskomite for å granske den amerikanske overvakinga. Tunge politikarar tar til orde for at Edward Snowden må hentast og vitne for ein slik komite.

Hans-Christian Ströbele, tidlegare toppfigur for Dei Grøne, har sågar vore i Moskva og oppsøkt Snowdon. Og fått til svar at den spionstempla og ettersøkte amerikanaren gjerne hjelper tyskarane.

Enkelte meiner ein ikkje kan gå vidare med forhandlingane om eit amerikansk-europeisk frihandelsområde. Det ville i så fall råke heile Europa. Og USA for den del.

For mykje på spel

Annette Heuser i forskingsstiftelsen Bertelsmann skriv i Der Spiegel at det tysk-amerikanske forholdet er det dårlegaste på mange tiår. Sjølv ikkje då tyskarane nekta å la seg føye under Irak- krigen, og heller ikkje ville følje amerikanaranes politikk i Libya og i Syria, gjekk det ut over den tysk-amerikanske tilliten.

Heuser oppmodar begge partar til å ta til fornuft. For mykje står på spel. Nemleg banda mellom USA og Europa, og utsiktene til ein transatlantisk frihandelsavtale.

Dei komande vekene vil vise kva veg det går. Det er eit høgt spel mellom EUs stormakt og USA.

Om nokon politikar har vore like populær i Tyskland dei seinare åra som Angela Merkel, må det vere Barack Obama. No føler mange tyskarar at det er deira beste ven som har falle dei i ryggen.