Hopp til innhold
Kronikk

Det kokar under overflata i Mali

For fem år sidan skulle eit presidentval vere starten på slutten for Malis konfliktar. Søndag skal det veljast på ny, men konfliktane er verre enn på lenge.

ICOAST-MALI-VOTE-CAMPAIGN

Favorittkandidaten til valet i Mali søndag, er den sittande presidenten Ibrahim Boubacar Keita.

Foto: SEBASTIEN RIEUSSEC / AFP

Det tikkar stadig inn dystre nyheitsmeldingar frå Mali, som i mange år vart kalla det demokratiske flaggskipet i Vest-Afrika. No er Mali sentrum for konfliktane i regionen, og dei siste åra har vondt blitt til verre. Presidentvalet for fem år sidan vart ikkje endringa folket ønska.

Seinast førre søndag, ei veke før valet, melde nyheitsbyråa om tolv drepne i Mali. Denne gongen var det elleve terroristar og ein regjeringssoldat. Men det er ikkje lengre berre terrorgrupper som herjar i Mali. Den langvarige konflikten har skapt etniske motsetnader i landet kor ulike etniske grupper har levd saman i fred i fleire tiår.

Konfliktar mellom etniske grupper

Kombinasjonane av stadig knappare tilgang til ressursar og eit ganske lovlaust samfunn, har skapt konfliktar som ikkje fanst for få år sidan. Det er gjerne små usemjer om beiterett og drikkevatn som veks seg store, og ender i blodig konflikt. Berre sidan nyttår er 300 sivile drepne i Mali, melde FN førre veke.

Det har ikkje vakse fram nokon klar politisk motstandar til Keita dei siste åra.

Desse kampane mellom ulike folkegrupper har særleg ramma Mopti-regionen sentralt i landet, kor terrorgruppene har mindre fotfeste enn dei har i nord. Dette er ei urovekkande utvikling i eit land kor etniske motsetnader ikkje har brukt å vere så tydelege som no.

Dette bakteppet har gjort det usikkert om søndagens val let seg gjennomføre. Favorittkandidaten er den sittande presidenten Ibrahim Boubacar Keita. Han har altså ikkje klart å stanse krigen i nord, og dette kunne vore ein grunn til at han ikkje fekk fornya tillit. Men det har ikkje vakse fram nokon klar politisk motstandar til Keita dei siste åra. Den som sannsynlegvis kjem nærast er Soumaila Cissé, som gjekk på eit knusande tap mot Keita i førre val.

Også norske interesser

Mali er eit såkalla fokusland for Noreg, som i fjor oppretta ambassade i hovudstaden Bamako. Den norske regjeringa har auka bistanden til landet, særskild til arbeid som skal betre styresettet og understøtte den skjøre fredsavtalen.

Mange av dei som søker seg mot Europa gjennom Sahara kjem frå nettopp Mali og andre land i Vest-Afrika. Det er unge menneske som no har opplevd sju år med krig. Nokre har kanskje utdanning, og alle har store framtidsdraumar.

Mange av dei som søker seg mot Europa gjennom Sahara kjem frå Mali.

Når ting ser som mørkast ut i heimlandet søker dei lukka andre stader. Med andre ord skaper situasjonen i Mali utfordringar også på den andre sida av Middelhavet. Også for nabolanda er konflikten i Mali eit problem. Både Burkina Faso, Niger og Elfenbeinskysten har opplevd blodige terrorangrep dei siste åra. Kampen mot terror i Vest-Afrika går for tregt, og FN-operasjonen er den mest dødelege i FNs historie.

For fem år sidan var mange optimistar, og valoppslutninga i Mali var høgare enn vanleg. Framleis er få av dei gamle konfliktane løyste, fredsavtalen er ikkje implementert godt nok, og nye konfliktar har blussa opp. Det gjev god grunn til uro for kva dei neste fem åra vil bringe.