NRK Meny
Kronikk

Det er eit skotsk eventyr

Debatten om eit sjølvstendig Skottland må ikkje bli redusert til ei historie om nasjonalisme og forholdet til engelskmenn.

Ja-sidens kontor i Maryhill, Glasgow

Skottlands debatt handlar ikkje om engelskmenn. Debatten handlar om mykje viktigare ting – demokrati, samfunnet, og framtida, skriv Bryce Miller.

Foto: Andy Buchanan / Afp

Denne teksten er eit svar på «Eventyret om Norge» av Mark Lewis, red. anm.

Den skotske folkeavrøystinga om sjølvstende er den viktigaste avgjerda til skottane sidan 1707. I kronikken «Eventyret om Norge» minskar Mark Lewis debatten ned til å berre handle om Scottish National Party og det påståtte hatet mot engelskmenn.

Sanninga er at debatten ikkje handlar om engelskmenn. Debatten handlar om mykje viktigare ting – demokrati, samfunnet, og framtida.

Dei som skriv om debatten frå utsida viser eit bilete som det er vanskeleg å kjenne seg igjen i for dei som ser debatten frå innsida.

Bryce Miller

Nasjonalistpartiet er berre ei av fleire grupper som tek del i debatten på ja-sida. Lewis skriv sjølv at avsky for engelskmenn ikkje har vore eit tema i debatten, men likevel skriv han, utan prov, at dette er grunnen til at nokon vil vere uavhengig. Tvert i mot.

Ironien er nemleg at det er Better Together («Betre saman», den største gruppa mot sjølvstende) som brukar framandfrykt i sin argumentasjon. Til dømes truer dei med at skottane sine familiemedlemmer i England vil bli utlendingar. Den birtiske innanriksministeren har sagt at dei ville måtte innføre grensekontroll for å forhindre innvandrarar dersom Skottland skulle bli uavhengig.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Mange grupper på ja-sida

Viss Lewis ikkje er overbevist om at debatten ikkje handlar om England og engelskmenn, kan han gjerne ta kontakt med gruppa English Scots for Yes («Engelske skotter for ja»), som har latt seg inspirere av Bashir Ahmad, tidlegare politikar for nasjonalistpartiet, som sa: «Det spelar ikkje noko rolle kor du kjem frå; det som tel er kor me skal, saman, som ein nasjon».

Debatten handlar om mykje viktigare ting – demokrati, samfunnet, og framtida.

Bryce Miller

English Scots for Yes og nasjonalistpartiet er heller ikkje dei einaste gruppene på ja-sida. Radical Independence Campaign («Radikal sjølvstendekampanje») framfører eit sosialistisk visjon for skottland. Scottish Campaign for Nuclear Disarmament («Skotsk kampanje for kjernefysisk nedrusting») vil fjerne dei 180 atomvåpena som er kun 40 kilometer unna Glasgow. Women for Independence («Kvinner for sjølvstende») vil ha betre omsorgsordningar slik at fleire kvinner kan ta del i arbeidslivet. Tankesmia The Jimmy Reid Foundation («Jimmy Reid-stiftinga») sitt prosjekt Common Weal («Felles beste») er ein blåkopi av politikk som allereie fungerer i Norden, Tyskland, og andre stadar i Europa, og som bidrar til eit meir rettferdig samfunn. Miljøpartiet vil introdusere ein eigedomsskatt basert på landbruk, satse aggressivt på fornybar energi og forby fracking.

LES: Alt om Skottlands folkeavstemning

Desse gruppene, og andre som liknar, har halde mange opne møter det siste året, og skal halde mange fleire i dei fire vekene som står att. Videoar av desse møta er tilgjengeleg på Youtube, ofte tatt opp av ein friviljug. ReferendumTV («Avrøystings-TV») sender no ein time kvar dag med intervju og diskusjon om korleis eit sjølvstendig Skottland kan sjå ut.

National Collective, ei samling av kunstnarar og andre kreative mennesker, arrangerte turnéen Yestival som delte ein visjon for Skottland gjennom songar, dikt og kunst.

Eit forsøk på å gjere det forståeleg

Når Lewis stiller spørsmålet «Hvis det å være mer som Norge betyr å være mer glad i England, hva er da poenget med å forlate unionen?», så har han ikkje berre funne på ein grunn sjølv, men han har dikta fram sin eigen debatt. Lewis er i godt selskap. Dei som skriv om debatten frå utsida viser eit bilete som det er vanskeleg å kjenne seg igjen i for dei som ser debatten frå innsida.

Dei på utsida prøver å innskrenke debatten.

Bryce Miller

Dei på utsida prøver å innskrenke debatten, gjere han om til ei historie om nasjonalistpartiet og om engelskmenn, noko som dei kan forstå, i staden for den kaotiske, mangfaldige debatten som pågår.

Eg oppfordrar Mark Lewis og andre til å engasjere seg i vår grenselause debatt. Sjå ein video med Robin McAlpine av Common Weal, les eit dikt fra National Collective, slå på ReferendumTV. Svaret på spørsmålet ditt ventar på deg: Aye, have a dream.