Hopp til innhold

Forsøk forsterkar trua på funn av nytt grunnstoff

Periodesystemet kan måtte gi plass til nytt supertungt grunnstoff.

Grunnstoff nummer 115, ununpentium

Forskarar har funne sterke bevis for grunnstoffet med atomnummer 115.

Foto: Colourbox

140 år etter at grunnstoffa vart gruppert i periodesystemet vi kjenner i dag, er det enno mogleg å gjere oppdagingar av heilt nye grunnstoff.

Ei internasjonal forskargruppe leia av den svenske kjernefysikaren Dirk Rudolph har nyleg utført eit eksperiment som beviser førekomsten av grunnstoff nummer 115 i periodesystemet.

Det melder Universitetet i Lund i ei pressemelding.

–Det blir meir og meir sannsynleg at 115 finst. Det er vanskeleg å tenke seg at det skulle vere noko anna enn akkurat 115, seier leiar for eksperimentet, Dirk Rudolph ved Lund Universitet til Sydsvenskan.

Eksperimentet er gjort ved det tyske senteret GSI Helmholtz Centre for Heavy Ion Research, og resultatet vil bli publisert i tidsskriftet The Physical Review Letters.

Bombardement

Forskarane har klart å lage det nye grunnstoffet ved å bombardere ein folie av americium (grunnstoff nummer 95) med kalsium-ion.

Ved å måle energinivået på lyspartiklar som vart sendt ut i etterkant av bombardementet, meiner forskarane å ha funne bevis på at grunnstoffet 115 har blitt danna i eksperimentet då det er nettopp eit slikt «fingeravtrykk» forskarane ville vente å finne frå dette stoffet.

Oppdaginga av vil ha få praktiske følgjer, då grunnstoff nummer 115 har ekstremt kort levetid. Mest sannsynleg eksisterer stoffet heller ikkje naturleg, men berre i laboratoriet.

Periodesystemet

Periodesystemet slik det er i dag.

Foto: Wikimedia commons

Kort levetid

Ununpentium har 115 proton i kjernen, og er grunnstoffet med det nest høgste atomtalet som er funne etter at Livermorium, grunnstoffet med 116 proton, vart offisielt godkjent 30. mai 2012.

Grunnstoff 115 ventar no på offisiell godkjenning frå ein internasjonal komité. Førebels har grunnstoffet derfor berre namnet ununpentium som er ein kombinasjon av dei latinske og greske orda for 115.

Men så snart grunnstoffet blir innlemma i periodesystemet på ordentleg, er det venta at det vil få namn etter den russiske forskaren som først fann teikn på at 115 fanst, Sergei Dmitriev..

Kva som er det høgste atomtalet som er mogleg, er forskarane enno ikkje sikre på.